Hopp til innhold

Slik er stoda på fjellovergangane 1. juledag

Uvêret skapar problem på fleire av fjellovergangane mellom aust og vest i Sør-Norge. Fredag kveld er berre tre av overgangane opne for normal trafikk.

Hemsedalsfjellet 1. juledag

DÅRLEG SIKT: Statens vegvesen sitt kamera på Hemsedalsfjellet dokumenterer det dårlege julevêret.

Foto: Statens vegvesen

Her er statusen for fjellovergangane i Sør-Norge 1. juledag, sist oppdatert frå Statens vegvesen klokka 22.00:

  • Ev 16 Filefjell: Snø- og isdekke. Stiv kuling og snøbyger.
  • Ev 134 Haukelifjell: Open for normal trafikk etter kolonnekøyring. Frisk bris og snøbyger. Vekslande snø- og isdekke, fare for glatte parti.
  • Rv 7 Hardangervidda: Stengt, blir ikkje opna 1. juledag.
  • Rv 13 Vikafjellet: Stengt, blir ikkje opna 1. juledag.
  • Rv 15: Strynefjellet: Kolonnekøyring.
  • Rv 52: Hemsedalsfjellet: Open for normal trafikk etter kolonnekøyring
  • Fv 50: Hol - Aurland: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv 53: Årdal - Tyin: Stengt inntil vidare.

Grønne marker, regn og sterk vind har prega julefeiringa mange stader i landet. Men med mildvêr i låglandet, blir køyreforholda ofte vanskelege i fjellet.

– Skal du køyre over fjellet er det viktig å ha med nok mat og drikke, varme klede og nok drivstoff til å bli ståande lenge, er oppmodinga frå trafikkoperatør i Statens vegvesen, Roger Nedberge Hille.