1. mai er ein festdag, ikkje minst på industristader som i Årdal, Høyanger og Odda.
– Det er veldig spesielt, på grunn av unntakstilstanden, seier Terje Kollbotn.
LO-leiaren i indre Hardanger er stolt over feiringa dei har fått i stand i Odda sentrum. Musikk og appellar, alt blir strøymt direkte på nett. Men folk har også møtt opp fysisk, noko som ikkje var heilt etter planen:
– Einaste problemet vi har fått er at det har dukka opp mange turgåarar og nysgjerrige, seier Kollbotn med eit smil.
– Dei skulle jo ha vore heime og sett på nett!
Dei rundt 50 som møtte opp blei bedne om å halde god avstand, og smittevernsreglar blei følgde.
– Vi kan jo ikkje jaga folk heim på 1. mai.
FESTSJEF: Terje Kollbotn i sentrum av Odda. Den lokale LO-leiaren var nøgd med oppmøtet, både det fysiske og dei som følgde arrangementet på nett.
Foto: Tale Hauso / NRKFolketom hovudstad
Youngstorget i Oslo pleier å vere stappfullt til vanleg på 1. mai. Men i år er det folketomt, og markeringa går digitalt.
Og toget som vanlegvis snirklar seg ned Karl Johans gate, finst ikkje. Då NRK sin reporter var på plass nedanfor Stortinget klokka 12.30, var det heilt tomt.
FOLKETOMT: Ingen gjekk ned Karl Johans gate i tog denne 1. mai.
Foto: Eirik Ramberg / NRKLO-leiar Hans Christian Gabrielsen hadde lese inn talen sin på førehand. I talen foreslår han å utvide kompensasjonsordninga for bedrifter som vel å hente tilsette tilbake frå permisjon:
– Vi føreslår ei løysing med lønstilskot. Det vil gjere at fleire permitterte kan kome tilbake i jobb raskare og med full løn. Då kan økonomien kome i gang igjen.
DIREKTE: Sv-leder Audun Lysbakken sender direkte spørjetime frå sin Instagram-konto på Youngstorget i Oslo.
Foto: Eirik Ramberg / NRKUannonsert tog i Årdal
I Høyanger pleier dei å ha heile tre tog i gatene i løpet av dagen. Og det har blitt sagt at å bli invitert til å tale i Årdal 1. mai, er like stort som å tale på Eidsvoll 17. mai.
Berre rundt 15 stykke gjekk i eit uannonsert tog gjennom Årdal, utan musikk.
KORT TOG: Det pleier å vere ein folkefest. I år er det berre folk frå arrangørane som gjekk i eit stille tog som ikkje var annonsert på førehand. Dei er på veg for å legge ned krans ved statuen Rallaren. – Ein veldig viktig tradisjon, seier Siv Aspeseter som leiar i LO i Årdal.
Foto: Audun HestetunI industrikommunen inst i Sogn har dagen vore markert like grundig som 17. mai har blitt andre stader. Men no blir det ikkje folkefest, korps og markering slik mange hugsar denne dagen for.
SPESIELL FEIRING: Hilmar Høl og Andreas Bakken.
Foto: Fredrik Helland / NRKOrdførar Hilmar Høl (Ap) seier at dagen har vore viktig for bygda heilt sidan industrisamfunnet blei etablert i 1947.
– For dei tusenvis av arbeidarar som kom hit var det viktig å ha fagforeining som kjempa fram goda. Det har skapt grunnlaget for den sosialdemokratiske modellen vi har hatt i Årdal.
Sjå galleriet frå ulike 1.mai markeringar:

Her er det vanlegvis mykje folk 1. mai. I dag ser det slik ut på Youngstorget i Oslo. Hovudparolen er Kamp for fast arbeid - forby bemanningsbransjen
Foto: Eirik Ramberg
Raude flagg på Torgalmenningen i Bergen. Også her er det nærast folketomt i dag.
Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK
Slik var 1. mai-toget i Odda i dag.
Foto: Tale Hauso / NRK
På Lindeplassen i Odda vart talane vist direkte på nettet. Likevel hadde fleire tatt turen til 1.mai feiringa.
Foto: Tale Hauso / Tale Hauso
Fleire hadde møtt opp i Odda, men god avstand til kvarandre.
Foto: Tale Hauso / NRK
I Odda gjekk nesten heile programmet "live" ut. Her talar Terje Kollbotn som er leiar i LO indre Hardanger.

Stille på paradegata i Oslo. Politiet passar på, men sparkesyklene får stå i fred.
Foto: Eirik Ramberg / NRK
Flaggheising med fanfare på Folkets hus i Trondheim
Foto: Ketil Sivertsen
Tomme gater i Trondheim i dag tidlegdå brannvesenet heista flagga.
Foto: KETIL SIVERTSEN
Her legg dei ned krans ved statuen Rallaren i Årdal. – Ein veldig viktig tradisjon, seier Siv Aspeseter som er leiar i LO i Årdal.
Foto: AUDUN HESTETUNFagforeiningsleiar: – Uverkeleg
No ser han for seg ei heilt annleis markering enn dei pleier å ha. Det blir ikkje eit smekkfullt forsamlingshus og felles frukost med fullt hus. Og Ap-leiar Jonas Gahr Støre skulle vore på plass i dag for å halde tale. No blir det i staden ein samtale via nettet.
Også leiar Andreas Bakken i Årdal Kjemiske Fagforening tykkjer det som skjer er uverkeleg.
– Vi får gjere det beste ut av det, for dette er ein heilt uvant situasjon. Men vi får ikkje den same «gutsen» ut av folk no. Det er det 1. mai går ut på, å støtte ei sak ved å gå under ein parole.
TRIST DAG: Svein Jarle Øren og Jan Erik Øyre tykkjer det er synd at dei ikkje får spele i Årdal i dag. Til vanleg er det tog frå torget til statuen Rallaren, og her blir det spelt to faste songar som dei har gjort i alle år.
Foto: Fredrik Helland / NRKFørste gong sidan 1947
1. mai er det internasjonale demonstrasjonsdagen for arbeidarbevegelsen. For første gang i historia skal 1. mai-markeringar i Noreg gjennomførast digitalt og ikkje i gatene.
Det betyr også at mange korps får ein annleis dag. Øvre Årdal Janitsjarkorps har vore fast med på dette sidan 1947, men ikkje i år skal dei ikkje spele.
– Det er trist. Det er ikkje anna å seie. Dette blir eit hol i ein tradisjon som vi har vore med på sidan 1947. Eg trur det er mange som kjem til å sakne musikken, seier leiar i korpset, Jan Erik Øyre.
FLAGGHEISING: Frå taket på Folket hus i Trondheim med John-Peder Denstad, leiar i LO Trondheim, og trompetist Ole Edvard Valøy.
Foto: Ketil SivertsenSvanetale
Bystyrerepresentant frå Raudt i Stavanger, Mímir Kristjánsson, fekk i oppdrag å spela inn ein videotale til 1. mai-arrangementa i Haugesund og i Sauda.
Han valde å gjera det med ein liten vri.
– Det var litt stussleg å sitja inne på kontoret. Derfor stakk meg og ein kompis ned i byparken, som var tom for folk, og spelte videotalen inn der, fortel Kristjánsson.
Bystyrerepresentant for Raudt i Stavanger, Mímir Kristjánsson, fekk eit annleis 1. mai-publikum i år.
Mannen, som har gått i 1. mai-tog sidan han sat i barnevogna, saknar korpsmusikken og parolane i byparken, men meiner at tida me er i syner at det er eit stort behov for å kjempa for rettane til arbeidarar.
Derfor er det ein engasjert Kristjánsson, som talar med høg røyst til svaner og tilfeldig forbipasserande, ein kan sjå i videoen.
– Eg håper ikkje det var mange som tenkte at eg hadde blitt galen, seier politikaren med eit smil.
Digitale tog
I Trondheim blei det sett ny rekord i fjor då 3500 personar gjekk i 1. mai-toget. I år er dei spent på om det kan bli ny rekord igjen – digitalt. Klokka 11.00 var det allereie over 700 personar som hadde valt å delta i toget digitalt, og talet aukar for kvart minutt.
– I etterkant vil dette gi oss eit bilete på om vi har klart å løfte fram fagrørsla på ein alternativ måte og kva parolar som er viktige for folk, seier LO-leiar i Trondheim, John-Peder Denstad.
Som mange av kollegaene sine og medlemmar rundt om i landet tykkjer også han det er trist at markeringa ikkje let seg gjennomføre på tradisjonelt vis.
– Det viktigaste med å vere med i ei fagrørsle er at dagen i dag blir markert. Vi høyrer talar og appellar, klappar, ser kvarandre gir kvarandre klemmar. Når det ikkje går, må vi gjere det på ein alternativ måte for å skape ein entusiasme. Det er kjipt at vi ikkje får det til i år, men neste år skal vi trykke til og møtast, seier han.
ANNLEIS 1. MAI: Kjell Basse Lund og Ottar Skjellhaug er to gamle gruvekompisar som i 35 år vore sentrale i 1. mai-komiteen i Sulitjelma. I år blir det ikkje som vanleg.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRKAnnleis markeringar
Ei av de viktigaste hendingane for fagrørsla i Noreg skjedde i Sulitjelma i Nordland. I 1907 fekk 1500 gruvearbeidarane nok av de kummerlege arbeidsforholda. Dei organiserte seg og sidan har 1. mai stått svært sterkt i bygda. For første gang sidan 1907 blir det ikkje 1. mai-markering i gruvebyen.
– Det er ei spesiell kjensle å ikkje kunne legge til rette for eit stort arrangement. Det pleier å vere 350–400 som sit tettpakka her, seier Ottar Skjellhaug i 1. mai-komiteen.
DIGITALT: LO har alternative opplegg i år.
Foto: Skjermdump / SirconSidan midten av mars har arbeidstakarorganisasjonen LO vore budd på at årets markering kunne bli annleis i heile landet. Difor har det blitt jobba med alternative opplegg på nett.
Frå eit noregskart på nett kan alle klikke seg inn på sitt lokale 1. mai-arrangement. I tillegg skal det strøymast direkte frå talar og appellar på Folkets Hus på Youngstorget i Oslo.
- Sjå også: