Hopp til innhold

Slik delar dei makta mellom seg

Sigersherrane i fylkestingsvalet har fordelt makta seg imellom.

Jenny Følling og Åshild Kjelsnes

SAMARBEIDER: Den nye fylkesordføraren, Jenny Følling (Sp) går inn i samarbeid med avtroppande fylkesordførar Åshild Kjelsnes og Arbeidarpartiet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

Det er no signert ein avtale mellom Senterpartiet, Arbeidarpartiet, KrF og SV.

Ap og Sp får tre personar kvar i det mektige fylkesutvalet. Dessutan får dei kvar sin utvalsleiar. Høgre, Venstre, Frp og Miljøpartiet må fordele to plassar i fylkesutvalet, og ein utvalsleiar seg i mellom.

Frå før er det kjent at Jenny Følling blir fylkesordførar, og Åshild Kjelsnes blir fylkesvaraordførar.

SV får vere Ap sin vara til fylkesutvalet. I tillegg får dei nestleiaren i det nye kultur- og næringsutvalet. Opposisjonspartia får leiaren i kontrollutvalet. Ap får nestleiaren i same utvalet.

– Vi er fornøgd med at vi har fått til ei semje i vår gruppering om fordeling av posisjonar, seier påtroppande fylkesordførar, Jenny Følling.

– Kvifor gjev de vekk ein av utvalsleiarane til opposisjonen?

– Det er viktig med ei breiast mogleg plattform. Det vil gje eit betre klima i fylkestinget, seier ho.