Valsendinga kan ein sjå på nrk.no/vestland, i NRK TV og høyre på radio på P1.
Sendinga startar kl. 19.45 og held fram til rundt midnatt.
Kvar heile time sender vi frå Bergen, kvar halve time frå Førde.
Erlend Blaalid Oldeide vert programleiar frå Førde saman med Solveig Svarstad. Oddgeir Øystese er programleiar i Bergen og har med seg Mariann Reikerås.
I tillegg har vi utegåande reporterar mange stader fylket på valvaker og blant folk, og ekspertar som kan gje svar på kva politikk vestlendingane eigenleg har sagt ja og nei til.
Saman gir vi deg den beste oversikta over Stortingsvalet sett frå Vestlandet.
Slik har vi dekka valkampen
Fram til valdagen 13. september har NRK Vestland satse tungt på valdekning, både på nett, radio og TV.
Kva vil ei avvikling av oljenæringa bety for fylket vårt? Treng vi eigentleg dei store samferdsleprosjekta? Og kva vil ein gjere for at folk framleis vil bu her vest, og i dei stadene som slit med fråflytting?
– Ei av hovudoppgåvene til NRK Vestland er å finne nære svar på dei store spørsmåla, seier distriktsredaktør Dyveke Buanes.
NRK Vestland har utfordra dei som skal representere oss på Stortinget gjennom heile valkampen. I tillegg har Vestlandsrevyen vore på turné og sendt frå seks ulike plassar i fylket.
Kandidatutspørjingar og valturné
Kvar måndag, onsdag og fredag har det vore utspørjing av toppkandidatane i valdistrikta Hordaland og Sogn og Fjordane.
– Vi ville bli kjent med både politikken og politikaren, seier intervjuar Erlend Blaalid Oldeide.
Dei har fått prate om seg og sitt område, men dei har også bli utspørd saman. Korleis vil kandidatane samarbeide til det beste for Vestland?
Utspørjinga har blitt sendt direkte på radio og nett i timen mellom 15–16. Trykk på lenke for å hoppe til utspørjinga av dei ulike kandidatane:
- Sosialistisk Venstreparti
- Høgre
- Raudt
- Miljøpartiet Dei Grøne
- Venstre
- Arbeidarpartiet
- Kristeleg Folkeparti
- Senterpartiet
- Framstegspartiet
Frå 24. august var Vestlandsrevyen på turné og sende direkte frå ulike plassar i fylket:
- Tysdag 24. august – Debatt om skilnader frå Bergen
- Torsdag 26. august – Debatt om busetnad i distrikta frå Ullensvang
- Tysdag 31. august – Debatt om industripolitikk frå Årdal
- Onsdag 1. september – Debatt om framtidas turisme frå Olden
- Tysdag 7. september – Debatt om oljearbeidaren frå Mongstad
- Torsdag 9. september- Debatt om dei store samferdsleprosjekta frå Stord
Meningsmåling september 2021 for Hordaland
Sosialistisk Venstreparti
Måndag 23. august – SV: Audun Lysbakken og Hege Lothe.
Høgre
Onsdag 25. august – Høgre: Ove Trellevik og Olve Grotle
Raudt
Fredag 27. august – Raudt: Sofie Marhaug og Geir Oldeide
Miljøpartiet Dei Grøne
Måndag 30. august – MDG: Arild Hermstad og Marius Dalin
Venstre
Torsdag 2. september – Venstre: Sveinung Rotevatn og Alfred Bjørlo
Arbeidarpartiet
Fredag 3. september – Ap: Marte Mjøs Persen og Torbjørn Vereide
Kristeleg Folkeparti
Måndag 6. september – KrF: Dag Inge Ulstein og Tore Storehaug
Senterpartiet
Onsdag 8. september – Sp: Kjersti Toppe og Erling Sande
Framstegspartiet
Fredag 10. september – Frp: Helge André Njåstad og Anfinn Sjåstad
Vestlandsrevyen på valturné
To dagar i veka har vi sett fokus på kva politikk betyr på enkeltstader og for enkeltpersonar på Vestlandet.
– Målet har vore å vise kva praktiske konsekvensar politikken har, og korleis politikarane har ulike løysingar på viktige spørsmål for oss som bur her.
Det seier Oddgeir Øystese. Han har vore programleiar for Vestlandsrevyen dei dagane sendinga har blitt flytta ut ymse stader i fylket.
Tre politikarar har debattert viktige spørsmål på NRK1 og i ei utvida nettsending. Sjå alle sendingane under.
Tysdag 24. august – Debatt om skilnader frå Bergen
Koronapandemien har auka dei sosiale skilnadane. Kva vil partia gjere for å bøte på det? Dag Inge Ulstein (KrF), Marte Mjøs Persen (Ap) og Sara Bell (SV) møtest til debatt i Vestlandsrevyen, som sendast frå Ny-Krohnborg kultursenter.
Torsdag 26. august – Debatt om busetnad i distrikta frå Ullensvang
Ullensvang slit med fallande folketal og ei aldrande befolkning. Kva skal til for å få fleire unge til å busette seg i distrikta? Alfred Bjørlo (V), Erlend Nævdal Bolstad (H) og Nils T. Bjørke (Sp) møtest til debatt når vi sender Vestlandsrevyen frå Herand landhandleri.
Tysdag 31. august – Debatt om industripolitikk frå Årdal
I industristaden Årdal har dei aller fleste stemt Arbeidarpartiet. Men i år kan det gå mot eit rekorddårleg resultat. Kven har eigentleg best politikk for vestlandsk industri? Aleksander Heen (Sp), Torbjørn Vereide (Ap) og Anfinn Sjåstad (Frp) møtes til debatt.
Onsdag 1. september – Debatt om framtidas turisme frå Olden
Mange trudde pandemien ville føre til ein ny type turisme på Vestlandet. Men i Olden bygger dei ny cruisekai for å legge til rette for masseturisme. Olve Grotle (H), Hege Lothe (SV) og Alfred Bjørlo (V) møtes på kaikanten til debatt om kva slags reiseliv vi vil ha på Vestlandet i framtida.
Tysdag 7. september – Debatt om oljearbeidaren frå Mongstad
Sluttdato for oljeutvinning har vore ein sentral debatt i valkampen. Kva skal skje med arbeidsplassane i oljenæringa på Vestlandet? Og kva framtid har lokalsamfunn som er bygd på det norske oljeeventyret? Ove Trellevik (H), Arild Hermstad (MDG) og Sara Sekkingstad (Sp) møtest til debatt på Mongstad.
Torsdag 9. september- Debatt om dei store samferdsleprosjekta frå Stord
Korleis bør vegprosjekt bli prioritert i tida framover? Raudt, Frp og Arbeidarpartiet debatterte Hordfast, tidenes dyraste fjordkryssing, direkte frå Sandvikvåg ferjekai i Fitjar kommune.