Hopp til innhold

Slik blir vêret på nyttårsaftan

Nyttårsrakettane kan bli pepra med snø og regn, men får stort sett fyke i fred frå vinden.

Nyttårsrakettar

VINNAR I VEST: Vestland fylke ser ut til å få det beste vêret nyttårsaftan.

Foto: Tore Sørbø

Eit stjerneklar himmel som eksploderer i eit fargehav av nyttårsrakettar.

Mange av oss ønskjer slike forhold når vi skyt opp rakettane på årets siste dag.

Men fleire må hente fram paraplyen eller boblejakka, fortel statsmeteorolog Martin Granerød.

Han har ei lita trøyst på lur:

– Vindforholda blir ganske rolege, så det blir gode forhold for å skyte opp rakettane.

Dei fleste plassane i Noreg får rolege vindforhold på Nyttårsaftan, melder Meteorologene.
Foto: Skjermdump: Meteorologene

Gule farevarsel på vind

Men før vi tek for oss detaljane for nyttårsvêret - og kven som blir vêrvinnarane - tek vi ein kikk på dei neste dagane.

Meteorologen seier dei har eit rotete vêrbilete å forhalde seg til, særleg i Sør-Noreg.

– Lågtrykka kjem inn frå Nordsjøen som perler på snor, seier han.

Torsdag kan vi vente oss mykje mildvêr i Sør-Noreg. Natt til fredag blir det snø som gradvis går over i regn. Underkjølt regn fører til vanskelege køyreforhold fleire stader.

Mange sjåførar har allereie fått merke dei krevjande køyreforholda.

I fjella i Sør-Noreg er det venta søraustleg sterk kuling utsette stader med snø og snøfokk.

Vestlendingane må hente fram paraplyen i dag. Her blir det både regn og sludd, medan nedbøren kan kome som snø i høgreliggande strøk.

Frå Stad og Dovre og nordover blir vinden den største utfordringa dei neste dagane.

Martin Granerød

Meteorolog Martin Granerød seier dei har eit rotete vêrbilete å stelle seg.- Lågtrykka kjem inn frå Nordsjøen som perler på snor, seier han.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

– Det er sendt ut fleire gule farevarsel på kraftig vind, seier Granerød.

Vinden kan kome opp i 30- 35 meter per sekund i kasta på det kraftigaste.

Elles er det stort sett opphaldsvêr i denne delen av landet.

Sterk vind i fjellet

Natt til fredag og første del av vesle nyttårsaftan blir det ein periode med lettare vêr i Sør-Noreg. Men eit nytt lågtrykk kjem innover og fører med seg aukande vind.

I fjellet er det venta sterk vind i fjellet på ettermiddagen.

– For dei som skal køyre mellom aust og vest dei neste dagane, er det best å køyre i natt eller første del av fredagen, oppmodar Granerød.

Lenger nord i landet vil temperaturen halde seg kring 0 grader. I Nordland blir det søraustleg vindretning og stort sett opphaldsvêr.

Den kraftige vinden minkar etter kvart, men vil auke på nyttårsaftan.

Slik blir vêret nyttårsaftan

Årets siste dag startar med snøbyer frå Stad og nordover til Troms.

Nyttårsraketter i Trondheim 2016

Slik var nyttårsaftan i Trondheim for nokre år tilbake.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Lengst nord i Finnmark blir det lett snø på vidda, medan det i ytre strøk stort sett blir opphaldsvêr.

Les også No må du førebu hunden din for nyttårsfeiringa

Hundar på tur i snøen

Tek vi turen til Sør- Noreg sør for Stad, er det større usikkerheit til korleis vêret blir.

– Det ser ut til å bli ein del opphaldsvêr, men det er utrygt for nedbør.

Kven blir så vêrvinnaren på årets siste dag når rakettane går til himmels?

Hadde du spurt meteorologen onsdag, ville prognosane peika på Austlandet.

I dag får du eit anna svar:

– Det kan fort bli delar av Vestland fylke som får det beste vêret nyttårsaftan, men på grunn av frontsona i Nordsjøen, så er det usikkert korleis det utviklar seg, seier statsmeteorologen.

Les også Bønder ber folk avgrense fyrverkeriet

Ku