Slik blir vêret i starten på påska

Påska startar med det beste vêret austanfjells, men det blir truleg ikkje så verst i resten av landet heller.

Påske

NYT FINVÊRET: Viss du ser sola, er det best å nyte henne der og då. Ho kikkar nemleg ikkje fram kvar dag i påska.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det ser ut til å bli ein vinterleg start på påska, i alle fall frå Stad og nordover, med ein del snøbyer. Aller mest snø blir det i Møre og Romsdal og i Trøndelag, fortel statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes ved Meteorologisk institutt.

På Vestlandet sør for Stad blir det byer dei første dagane, som kan komme som sludd og snø ned mot kysten.

– Mot søndag blir det stigande temperatur innover Sør-Noreg. Det tørre vêret på Austlandet vil halde fram. Utover søndag og neste veke kan temperaturen stige opp mot 15 grader i periodar.

Sjansar for sol

Og det er håp om at påskestarten også kan by på litt sol.

– Det er det nok best moglegheit for austanfjells, men utover i veka vil vi få litt sol også på Vestlandet. I Nord-Noreg blir det skiftande skydekke i periodar, men innimellom moglegheit til å sjå litt til sola.

Så langt går prognosane til fram til torsdag og fredag neste veke.

– Generelt ser det mildare ut frå starten av neste veke. For Sør-Noreg blir det lengre periodar med opphaldsvêr og ein del sol. I nord blir det mildare, men det vil bli meir nedbør. Sjølv om det har vore mykje snø i nord, så ser det ikkje ut som det gir seg.

Sol på fjellet i Gudbrandsdalen vinteren 2020.

SOL OG SNØ: Dette vêret kan vere for mykje å håpe på, men sjansane finst.

Foto: Christian Fougner / NRK

For lengst i nord har dei allereie mykje snø mange stader, og tre stader har sett nye snødjupnerekordar.

Førre veke blei det klart at regjeringa vidarefører koronatiltaka til over påske. Forbodet mot å reise på hytta om ho ikkje ligg i same kommune som du bur i, er eit av tiltaka som blir vidareført til 13. april.

– I Nord-Norge treng ein ikkje dra på hytta for å gå på ski. Det er skiføre mange stader der folk bur. Så folk kan rusle seg ein tur eller leike i snøen. I Sør-Noreg er det meir berr mark i låglandet, sjølv om det no enkelte stader kjem snø.

Godt turvêr

Meterolog Eldbjørg Moxnes

METEOROLOGEN: Eldbjørg Moxnes ved Meteorologisk institutt.

Foto: PRIVAT

Moxnes seier det blir gode moglegheiter for å vere ute dei neste dagane.

– Det er fint å ta seg ein tur ut i skogen og ein kan utforske nye område. Marka har uendeleg med plass så ein treng ikkje nødvendigvis gå oppå kvarandre der.

Og når mange kanskje har gått litt oppå kvarandre heime dei siste vekene, kan det vere godt å lufte seg litt.

– Ja, det er nok bra sjølv om ein ikkje skal flokke seg saman. Vi har godt av å komme oss ut. Det vil alltid hjelpe med litt frisk luft, seier ho.

– Heilt til slutt, korleis vil du samanfatte palmehelga?

– Det blir roleg vintervêr i Nord-Noreg og ein god del snø i Midt-Noreg. I resten av Sør-Noreg blir det litt kaldt, med nedbør i vest og opphaldsvêr i aust. Påska startar nok med det beste vêret austanfjells, og her vil det kom halde fram med å vere tørt, seier ho.

Laster Twitter-innhold