Hopp til innhold

Lovar påskesol til det aller meste av landet

Statsmeteorologen lovar påskesol i store delar av landet – men viss du bur langt nord bør du passe på å nyte sola når den først er der.

Turbilde av snø, sol og blå himmel.

PÅSKEVÊR: Mange likar å ta turen på fjellet i påska. Men sjølv om det ser slik ut løna det seg å sjekke skredvarsla før ein legg ut på tur.

Foto: Hilde Kotht

Det blir ein kvit start på påska både lengst sør og lengst nord i Noreg. Statsmeteorolog i Meteorologisk institutt, Julie Solsvik Vågane, fortel at det er landets ytterpunkt som skil seg mest ut i helga som kjem.

Men det er Nord-Noreg som får den tøffaste starten på palmehelga.

– I Agder og Telemark kjem det snø til frampå dagen fredag. Og så er det venta mykje snø frå Ofoten og nordover. Der har vi ute både gule og oransje farevarslar på mykje snø og lokal snøfokk, seier Vågane og forklarar vidare at det er fredagen som ser verst ut.

– Det er litt av og på med snøbyer på laurdag, så då kan det vere greie køyreforhold igjen.

Tidlegare i veka blei det også meldt om stor snøskredfare i Troms og Finnmark.

Meteorologene har sendt farevarsel for snøfokk på Saltfjellet. Nå er det kolonnekjøring på fjellet.

Både heilt i nord og heilt i sør er venta mykje snø i dagane som kjem.

Foto: Statens Vegvesen

Stabilt frå Trøndelag og sørover

– Eigentleg ser palmehelga ganske fin ut, seier statsmeteorologen om både Austlandet, Vestlandet og Trøndelag.

Og til dei som er glade i halde til på fjellet med ski på beina i påska, har ho endå meir godt nytt. Vågane fortel om gode periodar med sol, men kanskje endå viktigare:

– Snøen som har kome dei siste dagane ser ut til å bli liggande inn i helga.

Det flotte vêret vil også vare utover påskeveka. Enkelte unntak med lågtrykk torsdag kan gi periodar med nedbør, men desse vil truleg ikkje vare lenge.

Sett under eitt ser det ut til å bli ei nokså tørr og kjølig veke i sør.

Men sjølv i kjølige veker er det nokon som har det varmast. Meteorolog Vågane fortel at det er Vestlandet som har stukke av med den gleda i helga og veka som kjem.

– Vi skal ikkje sjå vekk frå at det blir åtte til ti grader, seier ho.

På motsett side av landet vil Austlandet derimot kunne glede seg over kalde netter. Også her blir det som nemnt tørt. Det klare vêret gir store forskjellar på dag- og nattetemperaturen.

Statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane.

Statsmeteorolog i Meteorologisk institutt, Julie Solsvik Vågane, trur på stabilt, tørt vêr i sørlege halvdel av landet.

Foto: Privat

Slik blir avslutninga på påska

Nord-Noreg kan glede seg over at slutten av påska blir ein del betre enn starten.

– Det blir ikkje det beste vêret, men det kunne ha vore verre. Det blir ikkje storm i alle fall, humrar meteorolog Charalampos Sarchosidis, som har base i Tromsø.

Om du bur nord for Trondheim må du belage deg på at det kan bli nokre byer neste helg. Trøysta er at det blir plussgrader, noko landsdelen ikkje har hatt på ei god stund.

Vestlendingane kan legge vekk solkremen neste laurdag, då er det nemleg venta overskya vêr. Men søndagen er det gode moglegheiter for sol.

Sørlandet og Austlandet kan gle seg den beste avslutninga på påska med sol og ti grader.

–Om eg skulle ha valt meg ein plass å reise neste helg, ville det blitt her, seier Sarchosidis.

Nyt sola, men hald deg oppdatert på varslar

Så kva er meteorologens råd for ei best mogleg påske?

– Det er sikkert mange som vil gå på ski, men det er viktig å sjekke vêret og snøskredfaren, seier Sarchosidis.

Meteorolog-kollega Vågene seier det også er viktig å passe på UV-varselet.

Varsel om UV-stråling blir dagleg oppdatert. Og sjølv om det er tidleg påske og sola endå ikkje er så sterk, vil snøen kunne gjere at strålinga opplevast ekstra sterkt på kroppen.

– Ein kropp som ikkje har hatt noko særleg sol på seg gjennom vinteren, seier Vågene.

Og dersom du skal nyte påska nord i landet er meteorologens råd å nyte sola når du først har den.

– Der blir det nok av og på med snø og snøbyer, så der er nok oppfordringa å
komme seg ut inni mellom når det er opphaldsvêr viss ein skal få moglegheita til å vere ute i tørt vêr.