Hopp til innhold

Slik blir vegen mot storfylket i vest

Korte tidsfristar, språkstrid og mange spørsmål utan svar. Folk er skeptiske, men ein felles region kan snart vera ein realitet. Her får du ein oversikt over kva som skjer framover.

Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Egge Tengesdal

BREIE SMIL: I september skreiv fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Ege Tengesdal under på ein intensjonsavtale om samanslåing.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I løpet av desember må Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ha bestemt seg for om dei vil bli éin vestlandsregion.

– Spør du meg, så får me dette til, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

Vegen mot ein vestlandsregion

Det var i april at regjeringa la fram stortingsmeldinga som legg opp til ti store regionar i staden for dagens 19 fylke.

15. september skreiv fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane under på ein intensjonsavtale om fylkessamanslåing.

– Me er med på noko historisk, det kjenner eg veldig på, sa Hestetun til NRK.

Risikerer å starta på scratch igjen

Intensjonsavtalen er ein samla plan for samanslåing av dei tre fylka. Om ein av dei seier nei til samanslåing, betyr det ein ny prosess.

– Om ein av oss skulle sei at ein ikkje ønsker å støtta planen, så er ein på ein måte tilbake til utgangspunktet, og det er det ikkje tid og rom for, seier fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal.

Fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane i debatt om Vestlandsregionen

Om det blir nei til fylkessamaslåing, vil Sogn og Fjordane truleg bli tvunge inn i Hordaland, meiner ein av landets fremste kommuneforskarar.

– Folk veit ikkje kva dei får

I ei ny meiningsmåling seier eit fleirtal av vestlandingane nei til planane om ein vestlandsregion. Professor Frank Aarebrot forstår godt kvifor folk er skeptiske til regionreforma, og kallar prosessen for uryddig.

– Det er ikkje bestemt kva nye fylkeskommunar skal få av nye oppgåver samanlikna med dei gamle fylkeskommunane.

Frank Aarebrot

ANAR INGENTING: Kva for oppgåver nye fylkeskommunar får i regionreforma, er enno uvisst. Difor forstår professor Frank Aarebrot at folk er skeptiske.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sjølv om mykje er usikkert, har fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland tru på samanslåing.

– Det er mykje kjensler knytt til dette. Folk veit kva dei har no, men ikkje kva dei får. I tillegg er det ein del korte fristar inne i bildet her, seier Hestetun.

Språket som kan fella Vestlandet

Det som har skapt mest debatt i regionreforma, er spørsmålet om kva målform som skal vera administrasjonsspråket. Fylkesordførar Tengesdal i Rogaland har tidlegare blitt sitert på at nynorsk er unaturleg for mange i Rogaland.

– Reaksjonane eg fekk har vist meg at språk er veldig viktig for folk. Dette med val av målform er ei så viktig sak at det må me bruka meir tid på, seier Tengesdal.

Målform vekker følelser. Forfatter Jens Brekke nektet å vedta et forelegg med mindre det var på nynorsk.

Det vart temperatur då Noregs Mållag og Bokmålsforbundet møttest til debatt om nynorsk som målform i Vestlandsregionen – under NRK si maratonsending.

– Å krevje at nynorsk skal vera den einaste målforma i Vestlandsregionen meiner me er rein ekstremisme frå mållaget si side, sa viseformann Arve Vaage i Bokmålsforbundet.