Hopp til innhold

Meiner streikeramma elevar må få fleire lærarar og ekstra timar

Kommunane og fylka sparte hundretals millionar kroner på at lærarane streika. – Desse pengane bør brukast til å ta igjen tapt læring.

Elever og lærer i klassesituasjon på barneskole.

EKSTRA RESSURSAR: Får elevane erstatta heile eller noko av læringa dei mista under streiken? (Illustrasjonsfoto)

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Det gjekk 16 veker – 112 dagar – frå dei første lærarane vart tekne ut i streik, i Bergen 8. juni, til regjeringa vedtok tvungen lønsnemnd i går, 27. september.

Tre spørsmål er sentrale når elevane no får komma tilbake på skulen:

  • Får elevane erstatta heile eller noko av den tapte læringa?
  • Kva skjer med eksamen, der dei streikeramma elevane vil ha ei ulempe?
  • Og kva skjer med pengane kommunane og fylkeskommunane har spart på lærarløner under streiken?

Når elevane får skulekvardagen tilbake, skal dei få undervisning tilpassa nivået dei er på.

Det lovar områdeleiar Odd Bjarne Berdal i Vestland fylkeskommune.

– Blir det mogleg å ta igjen det tapte?

– Det er stor variasjon. Nokre elevar har mista 15 prosent av skuleåret. Mange andre er mykje mindre ramma.

For dei som har mista mest, er det utan tvil ein stor jobb å kompensera for tapet.

Odd Bjarne Berdal, Vestland fylkeskommune

– Me er nøydde til å setta inn tiltak som vil kosta pengar for å kunna gi ein tilfredsstillande kompensasjon for det som er borte, seier Berdal.

Gimle oppveksttun - skole

Lærarar ved Gimle oppveksttun i Bergen vart tatt ut i streik allereie 20. juni.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Har ubrukte lønsmidlar

Eit viktig trekk ved lærarstreiken har vore at arbeidsgjevarane ikkje har tapt økonomisk på at lærarane streika.

Tvert om har kommunane og fylkeskommunane spart lønsutgiftene.

Trøndelag fylkeskommune har spart i overkant av 20 millionar kroner, medan Vestfold og Telemark fylkeskommune har spart opp til 7 millionar kroner.

Vestland fylke åleine spart rundt 43 millionar kroner under streiken, opplyser fylket til NRK.

På fylkestinget onsdag vil Høgre foreslå å bruka dei sparte millionane på å ta igjen tapt læring.

Det seier gruppeleiar Silja Ekeland Bjørkly (H).

– Me håpar at lønsmidla kan bli brukt til opplæringstiltak resten av skuleåret, seier også Berdal.

Silja Ekeland Bjørkly for Høgre i Hordaland fylkesting

Silja Ekeland Bjørkly (H) meiner fylkeskommunen må la lønsmidlane dei sparte under streiken no komma elevane til gode.

Foto: Sølve Rydland / NRK

«Å starta på side 1»

Han seier kvar enkelt skule må vurdera kva som må til, ut frå korleis elevane er ramma og kva fag elevane manglar mest undervisning i.

– Målet er å få til eit best mogleg tilbod for elevane, og at dei skal bli godt rusta i høve til læreplanmål og eksamen.

– Blir elevar i til dømes Bergen like godt rusta som til dømes elevar i Oslo, der det ikkje har vore streik?

– Me skal i alle fall gjera alt som står i vår makt for å gjera elevar best mogleg førebudde. Men streiken har vara så lenge at det vil kunna innverka på den totale opplæringa dette skuleåret.

– Korleis møter de elevane etter streiken? Byrjar undervisninga no «i kapittel 1»?

– Me må ta utgangspunkt i nivået eleven er på. For dei som har mest å ta igjen, må me kanskje tenka litt nytt. Det vil vera vanskeleg å berre starta på side 1 viss ein skal få best mogleg sluttresultat.

Faglege tiltak

Han reknar opp ulike tiltak som kan vurderast på kvar enkelt skule.

  • Fleire lærarar eller assistentar inn i klasserommet
  • Å auka undervisninga intensivt i periodar som elles er rolege
  • Eller å auka den litt over lengre periodar innanfor den ordinære timeplanen
  • Å ha prosjektveker for praktiske fag der elevane har gått glipp av mykje verkstadundervisning
  • Å bruka lærarstudentar som kan vera med og styrka undervisninga
  • Å sjå om lærarar i deltidsstilling kan fylla opp stillinga
  • Å frigjera tid til ekstra opplæring ved å tilpassa tildelte eksamensperiodar.

– Men ein føresetnad er at politikarane får finansieringa på plass, seier Berdal.

Timeplan Amalie, Gimle skole oppveksttun

Timeplanen må ved behov fyllast opp med ekstra undervisning for å ta igjen tapt læring, ifølge Vestland fylkeskommune.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Psykososiale tiltak

I tillegg til det faglege seier han det blir viktig med tiltak for det psykososiale miljøet for elevane.

– Det er til dømes elevar i 1. klasse som nesten ikkje har møtt klassen sin. Me vil spela på erfaringar frå koronaperioden, og vidareføra tiltak me såg hadde effekt gjennom pandemien. Til dømes å forsterka tilbodet om leksehjelp på ettermiddag eller i fritimar, og å få til sosiale ting i skuleferiane.

– Ikkje streikebryting

Då regjeringa vedtok å avbryta streiken i går, uttrykte lærarorganisasjonane at lærarane no er sinte og demotiverte. Men kommunar og fylkeskommunar satsar på å få lærarane med på å styrka opplæringa i resten av skuleåret.

– Me legg til grunn at me vil ha eit godt samarbeid med lærarane no for å gi det beste og mest heilskaplege tilbodet for elevane våre i den tida som står att av skuleåret. Det trur me at me får til, seier Berdal.

– Er det «streikebryting» å ta igjen tapt læring?

– Me ser det i alle fall ikkje som streikebryting å ta utgangspunkt i det nivået eleven er på. Det er føresetnaden me er nøydde til å ta.

KS: – Elevar har ikkje rett på ekstra timar

KS har under streiken skreve at kommunane ikkje har plikt til å ta igjen tapt undervisningstid etter ein streik (sjå faktaboks).

NRK presiserer: I ein tidlegare versjon av saka stod det at Vestland fylke sparte 43 millionar kroner i månaden på lærarlønner. Det riktige er at fylket sparte totalt 43 millionar kroner totalt.