Hopp til innhold

Slik blir skredfaren i påsken

Den hissige skredfaren som prega vinteren har roa seg. Men framleis lurer det farar nede i snøen.

Fagfolk på NVE undersøker skredfaren. Mars 2021

FOKKSNØ OG NYSNØ: Det er stikkorda for det som er viktigast å vera obs på i år. Her er NVE på ein tur på Voss i mars.

Foto: Catchlight / NVE

– Det er relativt stabile og oversiktlege forhold i heile landet no. Det vil seie moderat fare, som er normalen, seier Jostein Aasen, skredvarslar i NVE.

Påskeveka står for tur, og mange skal ut på ski. Tidlegare i vinter har eit svakt lag nede i snøen gjort at det har vore betydeleg snøskredfare i store delar av landet.

Men no har det roa seg litt, fortel NVE. Sjølv om det framleis kan vera der fleire stader.

– Det som er viktigast å vera obs på er fersk snø og fersk vindflytta snø, seier Aasen, som presiserer at dei berre har eit sikkert varsel to dagar fram i tid.

– Det er snøoverflata folk i hovudsak treng å tenka på. Legg vinden att fokksnø i leheng? Er det mykje nysnø som kjem? Det er det viktigaste.

Laster Twitter-innhold

Skiftande vêr, skiftande føre

Dei som hadde håpa på ei einaste stor sol på vêrvarselet den neste veka, blir nok skuffa. Påskevêret blir skiftande i heile landet.

– Det er vanskeleg å peike ut ein vêrvinnar for påske, sa vakthavande meteorolog Eldbjørg Moxnes til NRK torsdag.

Eit skiftande vêr betyr vanlegvis også skiftande snøskredfare. Men det blir ikkje veldig store variasjonar.

– No er snøen så stabil dei fleste stader at det skal mykje uvêr til for at skredfaren aukar betrakteleg, seier Aasen.

NVE på tur på Voss i mars 2021.

– UNNGÅ SKREDTERRENG: Det er oppmodinga frå NVE, dersom du vil vera heilt sikker på årets påsketurar.

Foto: Catchlight / NVE

Svakt snølag høgt til fjells

Det svake snølaget er likevel å finna fleire stader. Spesielt oppe i høgda kan ein treffa på det, og då kan raset potensielt bli stort.

– I Troms var det torsdag to svært store, naturleg utløyste skred på eit vedvarande svakt lag, seier Aasen.

– Generelt kan me seia at jo lenger vekk frå kysten og høgare opp ein kjem, jo lettare er det å finna dette svake laget.

Aasen seier Indre Sogn, Jotunheimen og Hallingdal er døme på slike område.

– Det skal ein del til for å påverka det. Men det er ein liten joker, dette snølaget, for om det først bli påverka, så kan skredet bli stort.

Han legg til:

– Sjekk skredvarselet på varsom.no før du skal ut på tur. Og unngå bratt skredterreng om det er mogleg.