Hopp til innhold

Lær deg triksa for å bli elegant på skøyteisen

Har du våga deg ut på glattisen i vinter? Tom Stian Nundal er leiar i Lærdal si skøytegruppe og gir deg tips til både val av skøyter og korleis du skal bruke dei.

Tom Stian Nundal

NÆRKONTAKT MED ISEN: Tom Stian Nundal har på seg skøyter for lengdeløp. Spisse kne er viktig.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Mange har nytta seg av det kalde, fine vêret den siste tida. Kuldegrader i fleirtal har laga fin skøyteis mange stader, og folk har strøymt til butikkane for å skaffe eit skøytepar til både seg sjølv og dei minste.

Full fart på skøyteisen i Lærdal

FØRSTEMANN: Skøytebane i Lærdal vert brukt flittig når kuldegradene melder seg.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Vel rett skøytepar

For før du kan våge deg ut på spegelblank is, må du ha utstyret i orden. I Lærdal har dei lange skøytetradisjonar. Tom Stian Nundal tek oss med ut på skøytebana for å vise dei ulike skøytene ein kan velje mellom.

– Jentene vel ofte danseskøyter og gutane hockey. I tillegg kjem vanlege skøyter, både med og utan klapp, forklarar han.

Det er mange skøyter å velje mellom. Tom Stian Nundal gir deg nokre tips.

DANS, HOCKEY ELLER LENGDELØP?: Tom Stian syner og forklarar litt av skilnaden på desse.

Skøyteteknikken

Når skøytene er i boks gjeld det å finne den rette teknikken. Nundal forklarar at det er lurt å ha spisse kne og bøye seg framover.

Så skal skøytene skyvast ut til kvar si side for å få opp farten. Hockeyskøyter fungerer stort sett på same måten. (Sjå videoen under for meir).

Tom Stian Nundal i Lærdal syner korleis du får den rette skøyteteknikken.

BAMBI PÅ ISEN? ELLER NY HJALLIS?: Tom Stian syner enkel skøyteteknikk på skøytebana i Lærdal.

I kø for å få seg skøyter

Butikksjef hjå Intersport i Sogndal, Reidar Dvergsdal har merka interessa for skøytene. Fleire storleikar har dei gått heilt tomme for.

– Det har i grunn eksplodert og vi har slite med å ha nok. I alle fall den siste tida med kaldt vêr, fortel Dvergsdal.

Amalie har fått på seg skøyter

DANSESKØYTENE ER PÅ: Amalie (8) har tatt på seg skøytene sine. Ho ventar på at karusellrennet på skøytebana i Lærdal skal starte.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

På Erdal G-Sport i Førde har dei verkeleg fått oppleve skøytefeberen. Enkelte dagar har det vore kø utanfor døra.

Amalie går på skøyter i Lærdal

FULL FART: Amalie (8) har gått på skøyter sidan ho var 3 år. – Det er i grunn ikkje så vanskeleg, seier ho.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Pågangen har vore enorm. Eg tippar at 99 prosent av alle telefonar vi får handlar om skøyter. Det er utruleg kjekt, men det begynner å gå tomt, både hjå oss og leverandørane, fortel Trude Sætre.

Også på Nordfjordeid har dei merka eit bra trykk, fortel Gudmund Vie ved Sport 1 Chatlet i Moengården.

– Vi gjekk fort tomme. Det kom litt brått på oss, så då måtte vi bestille inn meir. Det er veldig artig at det går så mykje skøyter.

Holsen, is, skøyter
Foto: @ijsunde / Instagram