– Dette blir ein spennande jobb, seier Odd Magnus Stenevik.
Han er kaptein på ankerhandteringsskipet «Skandi Vega», som er ein av slepebåtane som skal frakta Aasta Hansteen-plattforma til havs.
Båtane skal slepa plattforma frå Stord til Aasta Hansteen-feltet, som ligg 300 kilometer nordvest for Sandnessjøen. Ferda til Norskehavet vil ta tolv dagar.
- Her kan du følge med på slepet (ekstern lenke. Plattforma og slepebåtane er den turkise klynga midt i biletet.)
Plattforma veg 70.000 tonn, måler 320 meter frå toppen av flammetårnet til botn, og er den største i sitt slag i verda.
Kaptein: – Krevjande
Dei fem slepebåtane som skal få kjempeplattforma på plass, har til saman ei trekkraft på opp mot 1600 tonn.
Slepet blir det største som er gjennomført på norsk sokkel sidan Troll A-plattforma i 1995.
Kaptein Stenevik trur slepet blir krevjande. På vegen mellom Digernessundet på Stord og Marstein fyr er det fleire utfordringar, med små klaringar både ned mot havbotnen og opp til kraftlinene, påpeikar han.
- Les meir:
Særleg utfordrande blir det kring Langenuen, der slepet må gå heilt inntil land, for å koma under kraftlinjene.
– Vi må gå heilt inntil land, slik at flammetårnet kjem seg under på det høgaste punktet, fortel Helge Hagen, prosjektleiar for subsea-delen av Aasta Hansteen-prosjektet i Statoil.
I 19-tida torsdag passerte plattforma kraftlinjene. Smånervøse tilskodarar hadde inga grunn til å engsta seg – i løpet av kring fem minutt var ho trygt forbi leidningane.
Flammetårnet hadde 20 meter opp til kraftlinja, og 14 meter ned til sjøbotn.
– Mykje fint å sjå langs kysten
Statoil seier dei har førebudd seg grundig saman med leverandøren Subsea 7 og underleverandørane før slepet.
– Eg er ikkje engsteleg. Eg trur vi har gjort alt som skal gjerast. Men, det er klart, det blir gøy, seier prosjektleiar Hagen.
Han gler seg over gode vêrmeldingar, og oppmodar folk til å ta turen ut til kysten for å sjå.
– Vêret er ein stor føremon for slepet, og gjer også at vi vil få veldig flotte bilete. Det blir også mykje flott å sjå for folk langs kysten oppover, seier Hagen.