Hopp til innhold

Slik blir det nye togtilbodet til Vy på Bergensbanen

BERGEN STASJON (NRK): Vy aukar til seks daglege avgangar frå Oslo og Bergen. Men det første driftsåret skjer det ingenting med rutene.

Grønt Vy-tog på Bergen Stasjon

NYE FARGAR: Togsett med ny logo, nytt namn og nye fargar skal snart rulle ut frå jernbanestasjonen i Bergen.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

I midten av desember kunngjorde Jernbanedirektoratet at Vy skal køyre tog på Bergensbanen og Vossebanen frå 2020 til minst 2029.

Fredag blei kontrakten på 2,2 milliardar kroner formelt signert på jernbanestasjonen i Bergen.

No kan også Vy fortelje meir om kva passasjerar kan vente seg i det nye togtilbodet frå desember 2020.

  • Vy aukar frekvensen på Bergensbanen til seks daglege avgangar, inkludert nattoget.
  • På Vossebanen blir det fast timefrekvens.
  • På lokaltoget Arna-Bergen blir det fast halvtimefrekvens.

– Tilbodet inneber ei rekkje forbetringar for kundane og ein auke i rutetilbodet med 30 prosent, seier konserndirektør Arne Fosen i Vy tog.

Tog på Bergensbanen ved Myrdal

GÅR OFTARE: Bergensbanen får auka frekvens når den nye kontrakten blir sett i verk.

Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

Ingen endringar første år

I dag er det fire daglege avgangar på vinterstid og fem daglege avgangar om sommaren frå Bergen og Oslo.

– Med seks daglege avgangar gir tilbodet ein tilnærma totimarsfrekvens på morgon og ettermiddag. Samtidig passar vi på at toget har gode korrespondansar på viktige knutepunkt, seier Fosen.

Rutetilbodet mellom Bergen og Arna i helgene blir også styrka.

– Samtidig forlenger vi avgangane mellom Bergen og Voss til Myrdal, slik at alle avgangar på Flåmsbana har korrespondanse til og frå Bergen, seier Fosen.

Kontrakten som blir signert i dag gjeld frå desember 2020.

Men ifølge Vy blir det ingen endringar i rutetilbodet det første året av kontraktsperioden.

– Det vart sett som premiss i kontrakten at ein skal drive same rutetilbod det første året. Difor tek det tid før det nye rutetilbodet er i drift, seier Fosen.

Jernbanedirektør Kjersti Slotsvik og konserndirektør i Vy, Arne Fosen, signerer avtalen på Bergensbanen

SIGNERING: Anbodskontrakten på Bergensbanen dei neste ti åra vart signert på Bergen stasjon fredag. Jernbanedirektør Kjersti Slotsvik og konserndirektør Arne Fosen i Vy tog sette underskriftene på kontrakten.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Nytt «soveprodukt»

Fosen legg vekt på at eit styrka fokus på reiseliv vil bli prioritert framover.

– Vi skal lage nye reiselivspakkar i samarbeid med lokalt og regionalt reiseliv. Reiselivspakkane vil inkludere aktivitetar på fjellet og ved fjorden, både vinterstid og på sommaren, seier Fosen.

Vy ønskjer å styrke nattogtilbodet, og vil dermed auke «sovekapasitet» gjennom det dei kallar eit nytt «soveprodukt».

– På blokka har vi eit tilbod som ligg mellom dagens sovevogner og sitteavdelinga på nattoga. Alt er ikkje ferdig teikna, men det blir ein stad der fleire kan reise saman og legge seg nedpå for å slappe av, er alt Fosen vil seie om det førebels.

Fosen fortel også at det vil bli andre forbetringar i regiontoga, som den nye klassen «Pluss». Der skal det vere meir komfortable stolar, funksjonelle bord og eit nytt sofaområde.

Dei skal også forbetre serveringstilbodet og tilby nye kurs- og konferansepakkar.