Slik blir det nye Måløyraidsenteret

Det har vore ein lang kamp for eldsjelene bak, men i dag opnar endeleg eit senter som skal syne fram den dramatiske historia bak Måløyraidet i 1941.

Måløyraidsenteret

PROSJEKTBILETE: Dette biletet skal illustrere korleis Måløyraidsenteret ser ut.

Foto: Måløyraidsenteret

– Det blir ikkje eit tradisjonelt museum, men eit opplevingssenter. Det seier nestleiar i stiftinga Måløyraidsenteret Lars Kjølen.

Kjølen fortel at journalistar og fotografar frå England var på plass då allierte styrkar raida Måløy i 1941, og at det difor finst mykje bilete og video frå sjølve hendinga.

– Vi har fått tilgang til store mengder biletemateriale, og det er det som vil vere hovuddelen av senteret.

Det har vore ein lang kamp for å få på plass finansieringa for Måløyraidsenteret, Sølvberg sjølv har sysla med tankane om eit senter for Måløyraidet i fleire tiår.

– Det blir ein gledeleg dag. At vi har klart å dra lasset opp den siste bakken no, det er verkeleg stort. Det seier ein av eldsjelene bak Måløyraidsenteret Terje Sølvberg.

Måløyraidet var ein alliert militæroperasjon under den andre verdskrigen, der målet var tyskokkuperte fabrikkar og lager i kystbyen Måløy. Fleire titals menneske mista livet på begge sider, og 8 tyske skip vart senka.

Hadde gitt opp i 2013

Både forsvarsdepartementet og kulturdepartementet har lova at dei skulle bidra med pengar i fleire år, men lenge var problemet at fylkestinget i Sogn og Fjordane ikkje ville løyve dei naudsynte midla.

– For meg er det endeleg slutt no. Eg er i den alderen at eg ikkje tek opp att den hansken lenger. Det sa Sølvberg i slutten av 2013.

Fylkespolitikarane hadde bestemt seg for å ikkje løyve pengar, og dei som stod bak planane hadde til slutt gitt opp. Til slutt enda det likevel med at fylkeskommunen gjekk inn med 800.000 kroner, og torsdag skal kronprins Haakon opne senteret.

Allierte soldatar under Måløyraidet

VIKTIG: Historikar Ivar Kraglund meiner at Måløyraidet var ei viktig hending. Dette er bilete av allierte soldatar under raidet.

Foto: Castle Films/FDR Presidential Library

Meiner raidet var ei viktig hending

Historikar Ivar Kraglund seier at Måløyraidet var ei viktig hending i den andre verdskrigen i Noreg.

– Måløyraidet var ein del av ei rekkje raid frå dei allierte i 1941, som samla sett var viktige. Målet var å gjere tyskarane utrygge, og til ein viss grad lukkast ein med det, seier Kraglund.

Han trur likevel at det er særleg ein grunn til at det framleis er så mykje interesse for akkurat Måløyraidet.

– For den norske heimefronten var det sørgjelege at Martin Linge døydde under dette raidet. Det er nok litt av grunnen til den statusen raidet har fått, trur Kraglund.

Terje Sølvberg med kulehola frå Måløyraidet i bakgrunnen

STOLT: Terje Sølvberg er stolt over å endeleg ha fått på lass Måløyraidsenteret.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Martin Linge får eiga avdeling

Motstandshelten Martin Linge var leiaren for det som på folkemunne vart kalla Kompani Linge, og han har no fått si eiga avdeling på Måløyraidsenteret.

For mannen som har jobba i årevis for å få på plass senteret, blir det ein stor dag i morgon.

– Vi kjem til å heise flagget, for dette er ein stor dag både lokalt, regionalt og nasjonalt, seier Terje Sølvberg.