Hopp til innhold

Slik blir det lettare å takle hjelmsveisen

FØRDE (NRK): Dårleg hårfasong etter sykkelturen, eller såkalla hjelmsveis, er årsak til at mange droppar hjelmen. Det ville vår reporter gjere noko med.

Wilhelm Støylen og hjelmsveisen
Foto: NRK

Kun to av fem nordmenn brukar sykkelhjelm når dei er ute å syklar. Årsaka til at mange vel å la hjelmen ligge igjen heime varierer, men i ei fersk undersøking som er gjort på vegner av Trygg Trafikk og Nikita Hair, seier kvar tiande nordmann at det er forfengelegheit som er årsaka til at dei vel å ikkje bruke hjelm.

Vi sende difor Wilhelm Støylen ut med sykkel og hjelm, med mål om å få seg ein betre og meir tilpassa hårsveis. Thea Rønning var meir enn villig til å ta Wilhelm med på ei runde med saksa.

– Håret ditt trengst å fiksast litt på, det er jo litt loddet på sidene. Her kan vi klippe det kortare, slik at det ligg litt finare. Vi skal ikkje ta så mykje på toppen, for det er jo litt trendy, slår frisøren fast.

– Har det vore mange kundar med hjelmen på?

– Overraskande få, med tanke på at dette skal vere ein sykkelby.

Thea sine beste råd for ein betre hjelmsveis

1. Kort på sidene om du er mann

Wilhelm fekk ein lettstelt sveis, med litt lengde på toppen og mykje kortare på sidene – tilpassa både hjelmen og stroppene. "Klassisk sidesveis", som Wilhelm sjølv kalla det.

2. Tenk flette om du er langhåra

Fletter er trendy, og passar bra under hjelmen. Pass på at du byrjar under hjelmen, om du set hestehalen for høgt så vil ikkje hjelmen sitje så fast som den burde. Tryggleik er trass alt viktigare enn hår, seier Thea.

3. Bruk naturlege produkt

Thea sine beste råd for å halde sveisen i god stand også etter sykkelturen er å bruke ein saltvatnspray når du steller håret. Den gir både hold og løft. – Når du kjem fram, så bør du ha boks med voks du er nøgd med. Så kan du berre ta kjapt og ordne opp i det som blir sykkelhjelmsveisen.

PS! Eit godt alternativ til kunstig voks er kvae! Den held seg lenge, og hårsveisen blir som stål i lang tid.