Hopp til innhold

Slik blir det elektroniske livet til Jonny tryggare

SOGNDAL (NRK): Han skal ikkje lenger enn til Danmark, men føler at det er trygt å ha med eit splitter nytt pass. Politiet sine nye passkioskar skal hindre ID-tjuveri.

Jonny Heggestad i ny passkiosk i Sogndal

FØRST I KØEN: Jonny Heggestad frå Kaupanger følte at det var enkelt og trygt å skaffe seg nytt pass då han vitja politiet i Sogndal.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Alt går jo igjennom data og det er jo der teknologien tek oss. Det er jo ein positiv ting, dersom det er trygt. Det går eg ut frå at det er, seier Jonny Heggestad frå Kaupanger.

Han fekk som ein av dei første teste den rykande ferske passkiosken hos politiet i Sogndal. Slike kioskar blir no plassert rundt i heile Noreg og skal gjere oss tryggare.

– Når du kjem med passet ditt, er det no ein veldig, veldig stor sjanse for at det er deg, og ikkje slik at nokon har forfalska passet og gir seg ut for å vere deg, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Kontoret i Sogndal er det første i Sogn og Fjordane som står ferdig ombygd med ny passkiosk.

Nettopp betre tryggleik er bakgrunnen for at halvparten av passkontora i landet blir lagde ned, og erstatta med biometriske passkioskar.

– Det er på tide

Dei siste åra har det vore eit stort fokus på ID-tjuveri både i Noreg og internasjonalt. Ei gransking utført av Norsis i 2018, syner at nær 150.000 nordmenn har opplevd å bli fråstolen sin eigen identitet.

Ifølgje politiet si innbyggjarundersøking for 2018 er folk mest uroa for svindel eller bedrageri på nett (30 prosent), trafikkfarlege hendingar (29 prosent) og identitetstjuveri (27 prosent)

– Pass er omsetteleg, noko som sjølvsagt er ei gullgruve for kriminelle, og spesielt norske pass er attraktive. Har du norsk pass slepp du eigen visum-søknad i mange land.

Dei nye passkioskane har betre system for ansiktsgjenkjenning og kan også kjenne att fingeravtrykk. Dei nye passkioskane er også ledd i innføringa av nye, nasjonale ID-kort frå 2020.

– Den nye teknologien gjer at du får både pass og id-kort gjennom same system, fortel Johannesen.

Han vedgår at Noreg har vore seint ute, både med ID-kort og nytt passystem.

– Svært mange land har hatt id-kort og eit mykje tryggare passystem i mange år. Det er på tide, seier Johannessen.

Arne Johannessen

SKAL BLI TRYGGARE: Det nye passystemet skal gjere det vanskelegare å drive ID-tjuveri, seier Arne Johannessen, sjef for politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Skal hindre kriminalitet

Innføringa av nye passkioskar og ei halvering av talet passkontor vil for mange bety lengre veg for å få nytt pass. I Sogn og Fjordane er det Sogndal, Førde, Florø og Nordfjordeid som skal ha dei nye passkioskane.

Tal frå politidirektoratet viser at 230 av 309 passkioskar allereie komne i bruk.

– Eg håpar at alle ser at det er viktig for tryggleiken til innbyggjarane i Noreg at vi ikkje har falske pass i omløp. Det handlar om å hindre organisert kriminalitet, trygdesvindel og i ytste konsekvens – terror, seier Johannesen.

For Jonny Heggestad føles det i alle fall trygt å vere ein av dei første som får nytt og sikrare pass.

– Vi skal til Danmark no i mai. Pass er jo ikkje noko vi må ha der, men vi føler det er ein ID-tryggleik, seier Heggestad.

Dette er passkontorene som består/nedlegges

Politidistrikt

Videreføres/etableres

Avvikles

Agder

Arendal, Farsund, Kristiansand

Mandal, Flekkefjord og Knivesdal, Valle og Bykle, Tvedestrand og Vegårdshei

Finnmark

Alta, Hammerfest, Kirkenes, Porsanger, Tana, Vadsø

Båtsfjord, Karasjok, Kautokeino, Lebesby, Nordkapp, Måsøy

Innlandet

Elverum, Gjøvik, Gran, Hamar, Kongsvinger, Lillehammer, Fagernes, Otta, Tynset

Nordre Land, Lesja, Dovre, Lom, Midt-Gudbrandsdal

Møre og Romsdal

Kristiansund, Molde, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Ulstein og Hareid, Volda og Ørsta, Ålesund

Aure, Fræna, Haram, Rauma, Vestnes, Vanylven

Nordland

Bodø, Brønnøy og Vevelstad, Mo i Rana, Mosjøen, Narvik, Sortland, Svolvær, Fauske, Alstahaug og Leirfjord

Ørnes

Oslo

Bærum, Grønland

Ingen

Sør-Vest

Egersund, Etne og Vindafjord, Haugesund. Randaberg, Sandnes, Stavanger lufthavn Sola, Stord

Karmøy, Jæren, Lund, Suldal, Sirdal, Sola, Strand og Forsand

Sør-Øst

Drammen, Gol og Hemsedal, Grenland, Hønefoss, Notodden, Stokke

Bamble, Hol, Kongsberg, Kragerø, Modum, Nedre Eiker, Nore og Uvdal, Røyken og Hurum, Seljord, Øvre Eiker

Trøndelag

Heimdal, Oppdal, Namsos og Fosnes, Orkdal og Agdenes, Sentrum (Trondheim), Steinkjer, Stjørdal, Ørland, Nærøy

Grong, Hitra, Midtre Gauldal, Rissa, Røros, Levanger og Verdal

Troms

Bardu, Finnsnes, Harstad, Nordreisa og Kvænangen, Tromsø

Ingen

Vest

Bergen, Eid, Flora, Førde og Naustdal, Hardanger, Nordhordland, Os, Sogndal, Sotra og Øygarden, Voss

Austevoll, Fusa, Gloppen, Høyanger, Kvam, Kvinnherad, Lærdal, Stryn, Vågsøy, Årdal, Askøy, Fjaler, Masfjorden

Øst

Lillestrøm, Sarpsborg, Ski

Askim, Aurskog og Høland, Eidsvoll og Hurdal, Lørenskog, Nittedal, Ullensaker

Kilde: Regjeringen.no

Ekspander/minimer faktaboks