Slik vil transportforskaren gjera bompengar rettferdig: – Fleire bomstasjonar og fjern elbilfordelar

Ny rapport slår fast at skattefinansiering av bypakkar er meir usosialt enn bompengar. Familiar utan bil kan få ekstrakostnad på nær 9000 kroner i året om bompengeringen forsvinn.

Bompengering på Nygårdsbroen i Bergen fotografert i rushen

URETTFERDIG?: Mange har argumentert med at bompengar er sosialt urettferdig. I ein ny rapport kjem dei fattigaste vel så dårleg ut med skattefinansiering av bypakken i Bergen.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

– Dei fleste vil totalt sett tape på å gå over til skattefinansiering, er den korte og greie oppsummeringa til Bård Norheim i Urbanet Analyse.

Dei har nyleg ferdigstilt ein rapport der dei har sett på konsekvensane av å endre finansieringa av bypakken i Bergen frå bompengar til skattefinansiering.

Bypakken i Bergen går mellom anna til utbygging av Bybanen, gang- og sykkelvegar og ny ringveg aust.

Valkampen inn mot kommunevalet i fjor vart i stor grad prega av enorm motstand mot bomringane i Noreg. I Bergen klarte Folkeaksjonen nei til mer bompenger å kare til seg 16,7 prosent av stemmene.

Familiar med låg inntekt må betale meir

Mange som demonstrerte mot bompengar argumenterte med at det var sosialt urettferdig.

Er det slik? Ifølge transportforskarane er svaret nei.

Konklusjonen i den ferske rapporten til Urbanet Analyse er at det er dei med låg inntekt som har mest å tapa på om skatt erstattar bompengar.

I all hovudsak fordi dei ikkje eig bil. I rapporten har transportforskarane lagt til grunn ein flat skatt.

– Ein familie utan bil vil få nesten 8.800 kroner i auka kostnader om bypakken i Bergen blir finansiert over skattesetelen. No må dei også vere med å betale på ein veg dei ikkje brukar, forklarar Norheim.

Vinnarane er dei med bil, eller fleire bilar. Som du ser i grafikken under, er det særleg barnefamiliane med fleire bilar som kjem betre ut.

– I utgangspunktet er dette meir usosialt. Det er fordi det i større grad er dei med høg inntekt som har bil. Av dei som har bil, men som vel å reise kollektivt til og frå jobb til dømes, tapar på å gå over til ei skatteordning, seier Norheim.

14 timar meir i kø

Men medrekna sokalla køkostnadar, ser reknestykket straks verre ut for bilistane.

Om bomstasjonane forsvinn, vil nemleg køane vekse i Bergen. Urbanet Analyse meiner det vil bli 22.000 fleire bilturar kvar dag i sentrale område av byen.

Det kan bety 14 timar meir i kø i året for dei som køyrer i dei mest belasta områda. Tid er som kjent også pengar.

– Gevinsten forsvinn for dei som har bil. Derfor er skattefinansiering eigentleg eit tap-tap-prosjekt for nesten alle.

Køer Åsaneveien

MEIR AV DETTE: Utan bomstasjonar vil køane vekse ganske kraftig i Bergen. Då tapar også dei som i utgangspunktet ville spart pengar på ein skattemodell.

Foto: NRK-tipser

– Bompengar er usosialt

Bård Hoksrud (Frp) sit i transportkomiteen på Stortinget og har lese rapporten frå Norheim og kollegaene.

Han held fast på standpunktet som Frp har hatt i alle år.

– Eg meiner framleis at bompengar er usosialt, seier Hoksrud.

Han seier nei takk til begge deler og har lite til overs for skatteeksperimentet til transportforskarane.

– Når ein legg inn ei føresetnad om flat skatt eller lik skatt for alle, så kjem jo dei med minst dårlegast ut. I Noreg har vi for vane å ha eit skattesystem der du betaler etter evne.

– Eg opplever denne rapporten som ei bestilling for å late som om den måten vi finansierer bypakkane i dag er ein god måte. Begge deler er dårleg og ein burde brukt ressursane på å finne ut korleis vi kan auke dei statlege andelane.

Stortinget behandler bioteknologiloven Bård Hoksrud

NEI TAKK: Bård Hoksrud (Frp) vil verken ha bompengar eller skatt til finansiering av bypakkane.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Elbilfordelane må vekk

Transportforskar Bård Norheim meiner likevel at dagens bompengesystem har usosiale trekk ved seg.

Ifølge den siste reisevaneundersøkinga i Bergen, har 20 prosent av husstandane elbil.

Men prosentdelen er berre 8 prosent hjå dei med låg inntekt, samanlikna med dei som har høg inntekt, der elbilandelen er 39 prosent.

– Det betyr at dei med høgast inntekt betaler kring 20 prosent mindre i bomringen grunna elbilrabattane, seier Norheim.

Som eit ekspertutval nyleg anbefalte til regjeringa, vil Nordheim fjerna elbilfordelane for å gjera det meir rettferdig. Men han vil også setje opp fleire bomstasjonar for å fordele kostnadane jamnare utover.

– Sjølv om ein set opp fleire bommar, vil ein aldri heilt få til den ideelle plasseringa. Det var jo den diskusjonen som dukka opp sist, svarar byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) i Bergen.

Han ser for seg at vegprising, der ein til dømes betalar for kor langt ein køyrer, er ei meir rettferdig løysing.

– Då vil det råke mindre tilfeldig enn om det plutseleg dukkar opp ein bomstasjon mellom huset ditt og den næraste butikken til dømes, seier Bakke.

Thor Haakon Bakke

BYRÅD: Thor Haakon Bakke (MDG) er byråd for byutvikling i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK