Hopp til innhold

Slett ikkje sikkert at nyopprusta E16 vert stamveg i framtida

Medan millionane rullar i opprusting av den vedtekne stamvegen aust-vest via E-16 over Filefjell, er det slett ikkje sikkert at denne vegen skal vere stamveg i framtida.

Filefjell webcam

SER PÅ AUST - VEST TRASEAR: Regjeringa vil greie ut kva alternativ for aust - vest samband som er best.

Regjeringa har nemleg bestilt ny utgreiing av kva for alternativ for aust-vest samband som er det beste, og har bede Statens vegvesen finne det ut.

Kjell Kvåle ved vegkontoret på Hermansverk er med i arbeidsgruppa som i går presenterte dei sine førebels resultat på ein konferanse i Oslo.

– Vi har fått eit nokså vidt oppdrag med å sjå på alle og føreslå prioriteringar i mellom dei. Vi er ikkje bundne til at E16 i si tid vart vedteken.

Stamvegtraseane mellom aust og vest i spel igjen

I 1992 vedtok Stortinget etter lang strid at ein heilårs stamveg mellom Oslo og Bergen skulle gå over Filefjell og via Valdres, ein veg som alt i 1793 vart etablert som kongeveg, eller hovudveg mellom dei to byane.

Vegen over Hemsedal tapte sjølv om den var litt kortare, av di den var dyrare å gjere vintersikker. Det tredje alternativet var Aurland-Hol, var endå dyrare, og Hardangervidda tapte også mellom anna av di Hardangerbrua på det tidspunktet var litt ute i det blå.

Vedtaket i 1992 resulterte mellom anna i verdas til då lengste tunnel – Lærdalstunnelen, og ei storstilt opprusting av vegen opp Lærdalssdalen og vidare over Filefjell.

Kjell Kvåle

SER PÅ STAMVEGTRASEAR: Kjell Kvåle i Statens Vegvesen.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

– Vi starta arbeidet med målsetting om å finne ein veg aust – vest, men det har vi fått høve til å justere etterpå fordi Sør-Norge strekker seg jo nokså langt i sør – nordretning, Vi har fått ei forståing for vi skal lage prioritering både sør for Hardangervidda og nord for hardangervidda.

Nye utgreiingar

Då Ketil Solvik-Olsen frå Frp tok over samferdsledepartementet i fjor, bestilte han nye utgreiingar av kva for vegar mellom aust og vest som skulle prioriterast. For ein del premissar hadde endra seg. Hardangerbrua er på plass, vegen over Hemsedal er blitt kortare på grunn av nyanlegget ved Ørgenvika.

Samferdsleministeren bad vegstellet om å finn den beste vegen ut frå realiteten i dag, men innsåg snart at t.d. Haukeli og Filefjells-veg dekker heilt ulike behov, så no er det ikkje lenger snakk om berre ein stamveg aust-vest.

– Vi skal ikkje nødvendigvis ende opp med eitt forslag. Vi skal ende opp med prioriterte forslag, og vi tar for oss alle fjellovergangane, seier Kvåle.

Hemsedal kan bli stamveg

Sjølv om Filefjell er vintersikra står mykje igjen både i Valdres og mot Bergen på E16, og no kan t.d. Hemsedal ta over stamveg-rolla.

Så langt har vegstellet konkludert med at investeringar på Haukeli og Hemsedal er dei som gjev størst nytte for småbilar, men no skal dei også ha med tungtransporten før dei konkluderer endeleg.

– Vi har hjelp frå Transportøkonomisk Institutt til å køyre det vi kallar transportmodellar. Dei skal då samordne dette med lette og tunge køyretøy.

– Filefjell må gjerast ferdig

Dei utgreiingane som no er på gang skal brukast i samband med neste Nasjonale transportplan frå 2018-2027, og fylkesvaraordførar Jenny Følling som representerte fylket på konferansen i Oslo i går, er klar på at Filefjell må gjerast ferdig, men så vil vi også ha Hemsedal – litt Ole Brumm?

Jenny Følling

VIL HA TO TRASEAR: fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp)

Foto: Alf Vidar Snæland

– Ja, vi har fått mykje på E16 no, no må resten gjennomførast. Kanskje skal vi og byrje å lukte på Hemsedal fordi det går så mykje trafikk der no at vi bør ha nokre tunnelar på plass der òg.

Men når det er snakk om to stamvegar, og Haukeli blir talde med, er det ikkje då vel optimistisk og tru at det blir satsa på to trasear i Sogn og Fjordane?

– Det kan du seie, men i alle samanhengar er det viktig å fremje våre interesser. Ha fram dei momenta som tenar næringslivet i Sogn og Fjordane, men og Hordaland, og prøve å stå på dei argumenta så langt som dei vinn fram. Vi må og greie å vareta Strynefjellet slik at vi får gjort den biten der.