Drapet på Anne Slåtten skjedde i Førde i juni i 2004. Den unge sjukepleiestudenten frå Rogaland vart kvelt, då ho var på veg til si siste vakt på sjukeheimen i Førde.
Politiet gjekk breitt ut og sanka inn DNA-prøver frå omlag alle menn som hadde vore i Førde sentrum natta til søndag 6. juni.
Drapet på Anne Slåtten førte til ei fire månader lang jakt på drapsmannen.
Avslørt av DNA
Lenge såg det ut til at politiet skulle mislukkast i jakta på gjerningsmannen, men i september vart Øyfred Henning Standnes frå nabokommunen Gaular kalla inn til avhøyr. Kort tid etter viste det seg at DNA-prøva hans stemte overeins med funn som vart gjort på drapsstaden.
Håpar på kortare straff
Standnes har heile tida nekta for at han kunne ha utført drapet, sjølv om han hevdar å ikkje hugse noko frå denne natta. Likevel vart han dømd i Sunnfjord tingrett tidleg i år.
I vår kom saka opp på nytt i Gulating lagmannsrett. Der vart Standnes dømd til fengsel i 15 år for drapet, ein dom han bestemte seg for å anke.
Høgsterett skal berre ta stilling til straffeutmålinga, og ikkje til skuldspørsmålet. Avgjerda blir truleg klar innan to veker.