Hopp til innhold

Slår ring om Lærdals-rektor

Hovudtillitsvald Gro Bøthun Bjørkum ved Lærdalsøyri skule tek sterk avstand frå kritikken FAU rettar mot rektor Eva Hage Solstad.

Lærdalsøyri skule

SLÅR RING: Lærarane ved Lærdalsøyri skule kjenner seg ikkje att i kritikken som blir retta mot skuleleeinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Foreldre ved Lærdalsøyris skule har i eit krast brev retta kritikk både mot skule og kommuneleiing for det dei skildrar som omfattande lærarmangel ved skulen.

– Etter vår oppfatning har leiinga ved Lærdalsøyri Skule gjort jobben sin, seier hovudtillitsvald Gro Bøthun Bjørkum i ei pressemelding.

– Rådmannen sitt ansvar

Foreldrearbeidsutvalet og leiar Hadle Blikra meiner å kunne dokumentere alvorlege manglar ved skuleleiinga, og har skrive om dette både i brev og på nettsidene til FAU. Han har også retta kritikk for manglande svar på innspel.

Fungerande rådmann i Lærdal kommune, Alf Magne Hjellum, har tidlegare teke avstand frå kritikken mot skulen.

– Dette er tilhøve som rådmannen må ta ansvaret for. Rektor har rådmannen si fulle tillit, seier han.

Kjenner seg ikkje att

Klage vart sendt frå FAU i februar, og er ifølgje Hjellum til handsaming på administrativt skuleeigarnivå.

– Rektor har såleis ikkje høve til å uttale seg utad om innhaldet i klagesaka før den er ferdig handsama, seier han.

NRK kjenner til at fleire lærarar ved skulen ikkje kjenner seg att i kritikken som kjem frå FAU.

Slår ring om rektor

I ein uttale frå Utdaningsforbundet slår hovudtillitsvald ved skulen, Gro Bøthun Bjørkum, ring om rektoren.

– Rektor ved skulen, Eva Hage Solstad har meldt si bekymring til administrativt skuleeigarnivå, det er opp til dei å handsama denne saka. Utdanningsforbundet gjev full støtte til leiinga ved skulen, seier ho.

Verken leiar eller nestleiar i FAU vil overfor Sogn Avis kommentere skulesaka ytterlegare i media. Nestleiar i FAU, Elin S. Hunderi, viser til ein uttale FAU vart samde om torsdag.

Anna form og ordlyd

Her heiter det at FAU ynskjer ein overordna dialog mellom skuleeigar/-drivar i høve til dei vidare arbeidsoppgåvene som utvalet er sett til å forvalte på vegner av foreldre og skulebarn ved Lærdalsøyri skule.

I uttalen understrekar dei at kritikken ikkje er retta mot tilsette ved skulen, og at innlegget frå Blikra kunne hatt anna form og ordlyd.

– Alvorsgrad i høve til omtalte manglande oppfølging frå skuleeigar/-drivar, er likevel i tråd med kva utvalet som organ gjennom skuleåret har drøfta og såleis står bak, skriv dei.