Hopp til innhold

Får klarare retningsliner for bruk av «Odin»

Politiet vil ha klarare retningsliner for bruk av narkotikahund i førebyggande aksjonar. No er dei like rundt hjørnet.

LUKTESANS: Narkotikahunden Odin finn stadig meir narkotika

ODIN: Narkotikahunden Odin var blant dei to hundane som vart nytta under det omstridde narkotikasøket på Flora vidaregåande skule. No får han

Foto: Elise Kvien / NRK

Visepolitimester Kristin Elnæs i Romerike politidistrikt

FERDIGSTILLING: – Bruk av hund er berre eit verktøy i politiet sin heilskaplege innsats for å førebygge narkotika på skulane, seier seksjonsleiar Kristin Elnæs i politidirektoratet.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Arbeidet er no under ferdigstilling, og retningslinene skal etter planen sendast ut til etaten innan utgangen av året, seier seksjonsleiar Kristin Elnæs i politidirektoratet.

Narkohund på skular

Mellom anna har bruk av narkotikahund på skular vore omstridd. Fleire har meint at politiet ikkje kan ha slike hundeaksjonar utan direkte mistanke mot einskildpersonar.

I 2013 trua Elevorganisasjonen med å gå til søksmål for å stoppe bruk av narkotikahund på skular. Då lova Justisdepartementet at slike aksjonar skulle ta slutt.

Flora vidaregåande skule

NARKOAKSJON: Politiet var på plass på Flora vidaregåande skule for å fortelje om bruk av narkotika i fjor.

Foto: Ingvild Eide / NRK

I fjor blomstra debatten på nytt opp då 14 politibetjentar og to narkotikahundar vitja Flora vidaregåande skule i Florø for å informere elevane om narkotika.

Narkotikahundane markerte på to av elevane på skulen sitt fellesområde, noko som igjen gjorde at politiet undersøkte bustaden til elevane. Der fann politiet brukarutstur.

Elevorganisasjonen meinte besøket ikkje var meldt til elevane og melde Vest politidistrikt til Spesialeininga for politisaker. Dei jobbar med saker der politiet er involverte.

Nyleg slo Spesialeininga for politisaker fast at politiet ikkje gjorde noko straffbart.

  • Les avgjerda nedst i saka
Sveinung Sandal

ELEV: Sveinung Sandal er fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane.

Foto: PRIVAT

Spesialeininga skriv i avgjerda at det var opplyst om politibesøket på nettsida til skulen.

– Dette er synd. Vi ser at slike aksjonar skjer fleire gonger, seier fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, Sveinung Sandal.

Tydelege retningsliner

Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, er ikkje overraska over konklusjonen til Spesialeininga.

Samstundes meiner han saka i Florø understrekar behovet for tydelegare retningsliner, og klarare skilje mellom førebyggande arbeid og aksjonar med hund.

Arne Johannessen

SOM VENTA: Regionlensmann Arne Johannessen er ikkje overraska over konklusjonen til Spesialeininga for politisaker.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Når vi er ute på aksjonar, så er det klare reglar. I høve til førebyggjande oppdrag, så må justisdepartementet kome med klarare retningsliner, seier han.

Både skular, arbeidsplassar og institusjonar har spurt etter liknande besøk, som det i Florø. Difor har det vore viktig for han med klarare retningsliner.

– Debatten har gjort at vi har blitt meir nøye med bruken av narkotikahund, seier sjef for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Avklaringar på veg

No er avklaringa like om hjørnet.

Justisdepartementet har bede direktoratet om å utarbeide nasjonale standardar som sikrar at bruk av narkotikahund på skular i det førebyggande arbeidet, blir gjennomført på ein rettsleg forsvarleg måte.

Seksjonsleiar Elnæs vedgår at arbeidet har teke tid, men seier at dei nærmar seg slutten.

– Det er viktig at politiet sitt arbeid blir sett i samanheng med øvrig narkotikaførebyggande arbeid på skulane. Det har difor teke noko tid også for å få koordinert arbeidet med mellom anna helse- og utdanningssektoren, seier ho