Hopp til innhold

Slår alarm om bakteriar som blir med «tannturistar» heim

Nordmenn dreg til utlandet for å fiksa tennene, men kan få med smittsame og resistente bakteriar. Samstundes sponsar Helse-Noreg turane.

Boring hos tannlegen

SMITTEFARE: Den norske staten gir økonomisk støtte til Fagfolk meiner økonomisk støtte frå staten til tannhelsebehandling i utlandet bidrar til å auka risikoen for antibiotikaresistens i Noreg.

Foto: Illustrasjonsfoto: Franck Valentin/Colourbox

– Eg er absolutt uroa. Noreg har ei støtteordning som opnar for risiko for farleg smitte frå andre land.

Det seier Bodil Lund, professor i oral kirurgi ved Universitetet i Bergen. Ho er ein av fleire fagfolk som no slår alarm om kva nordmenn kan komme heim med frå tannhelseturar til utlandet.

Såkalla «tannturisme» er bortsett frå fysioterapi den vanlegaste forma for helsereiser blant nordmenn.

Mange tannhelsereiser går til land der resistente tarmbakteriar er mykje vanlegare enn i Noreg, til dømes Ungarn og Romania.

Femdobla i Noreg

Det kan på sikt gi store problem for norske sjukehus.

– Dette trugar heile den moderne sjukdoms- og tannbehandlinga. Mellom anna kreftbehandlingar og transplantasjonar er heilt avhengige av at me kan bruka antibiotika.

Bodil Kristina Lund

UNIKT GUNSTIG: Noreg har hittil sloppe unna alvorlege problem med multiresistente bakteriar. – Så me må vera svært forsiktige med importsmitte, seier professor Bodil Lund ved Universitetet i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Utan antibiotika som verkar kan dagens ufarlege infeksjonar bli livstrugande. Slik er det allereie i nokre asiatiske land.

Men dei siste ti åra har talet på pasientar med motstandsdyktige bakteriar blitt femdobla også i Noreg. No er talet på over 3000 tilfelle årleg, det meste frå utanlandsopphald.

– Folk må kunna velja fritt. Men antibiotikaresistens er alvorleg både for pasienten, vedkommande sine nære og kjære, heile befolkninga og framtidige generasjonar.

– Er dette ein kamp Noreg er dømt til å tapa?

– Eg trur ikkje me kan stoppa prosessen, fordi han globalt har kome så langt. Men me kan forsinka han lengst mogleg og håpa på ny teknologi og kunnskap, seier Lund.

MRSA

FARLEGE BAKTERIAR: Fagfolk meiner økonomisk støtte frå staten til tannhelsebehandling i utlandet bidrar til å auka risikoen for antibiotikaresistens i Noreg.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Reglane gjeld ikkje tannlegar

Når pasientar kjem heim frå utanlandske sjukehusopphald, er det reglar om isolat og bakterieundersøking viss dei må på sjukehus i Noreg. Men smittevernlova seier ikkje eksplisitt at tannturistar skal bli undersøkt, sjølv om dei har fått kirurgisk behandling.

– Ein tenkte ikkje nok på odontologi då ein laga reglane, seier mikrobiologiprofessor Ørjan Olsvik ved Universitetet i Tromsø.

Ørjan Olsvik

– SUBSIDIERER RISIKO: Professor Ørjan Olsvik ved Universitetet i Tromsø meiner norske skattepengar ikkje bør brukast til å auka smitterisikoen.

Foto: Kristine Østvold

Dette avviser Helsedirektoratet.

Dei skriv til NRK at dersom ein har blitt behandla i ein helseinstitusjon eller fått utført omfattande undersøking eller behandling av helseteneste utanfor Norden dei siste 12 månadane, skal ein testast for MRSA (sjå faktaboks) før innlegging eller behandling i sjukehus i Noreg.

I følge Olsvik er det opp til sjukehuset om dei ønskar å gjera testen.

– Dessutan er det ingen krav om test viss desse tannturistane skal inn på odontologiske klinikkar i Noreg.

Martin Steinbakk

BLI HEIME: – Me ønsker minst mogleg helsebehandling i utlandet, seier overlege Martin Steinbakk ved Folkehelseinstituttet.

Foto: Hallvard Mørk Tvete / NRK

I Sør- og Aust-Europa og delar av Asia er resistensproblema svært store. Over halvparten av vanlege turistar der kjem heim med resistente bakteriar i kroppen.

Norske styremakter veit ikkje kor stor risikoen er for at tannhelsebehandling utanlands fører til antibiotikaresistens i Noreg.

– Men me ønsker minst mogleg helsebehandling i utlandet, seier overlege Martin Steinbakk ved Folkehelseinstituttet.

Sponsa av Noreg

Tannturisme og resistens var i helga tema på Bergen tannlegeforening sitt årlege Vestlandsmøte.

Olsvik er kritisk til at den norske staten støttar tannhelsebehandling i utlandet. Pasientar får faste summar i høve til prisen i Noreg – uavhengig av kor billig behandlinga er i utlandet.

– Det er eit problem. Det er svært lukrativt for firma som sender norske pasientar til lågkostland. Norske skattepengar bør ikkje brukast til å auka smitterisikoen. Noreg har fagmiljø og kapasitet nok sjølv.

Les meir: Drar med seg resistente bakterier fra utlandet Antibiotikaresistens øker: Sykehus må sende pasienter på gangen