Slapp av, du får både røyk og sprit

Reisande merkar så langt ikkje noko til streiken blant dei taxfree-tilsette. – Men det kjem dei til å gjere etter kvart, meiner dei streikande.

Taxfree
Foto: Knut Erik Knudsen / Scanpix

– Det var ikkje noko kø i dag, alt gjekk som normalt, seier Cameron Archer, på veg ut av utlandsterminalen på Flesland i dag.

Han merka lite til at fleire av dei tilsette i taxfree-butikkane på Flesland er i streik.

Christine Gulbrandsen

– INGEN PROBLEM: Christine Gulbrandsen opplevde ingen kø då ho gjekk gjennom taxfree på Flesland i dag.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Seint i går kveld blei 311 tilsette ved Flesland, Gardermoen, Sola, Torp og Værnes tatt ut, etter at meklinga mellom Luftfartens Funksjonærforening og Virke ikkje førte fram.

– Det var stille og roleg, ingen kø i det heile tatt. Eg visste ikkje ein gong at det var streik, seier Christine Gulbrandsen som heller ikkje hadde vanskar med å få handle taxfree-varer i dag.

– Dei kjem til å merke det

Men streikeleiar og tillitsvald Arild Bøe, meiner dei reisande etter kvart kjem til å merke at servicen på flyplassane blir dårlegare.

– Spesielt i Oslo som er den største flyplassen, vil folk merke at det er streik. Dei som kjem heim med store charterfly, vil merke det ekstra godt. Då er det mykje pågang, og det kjem til å bli kø.

Han meiner dei reisande ikkje kan forvente å få den same hjelpa som vanleg i taxfree-avdelinga.

– Dei fleste som er tatt ut i streik, er ekspertar. Det er folk som er flinke på vin, med tobakk og sminke, seier Bøe.

Du får framleis handle i taxfreen

Håkon Fjeld-Hansen

– KAN HANDLE SOM VANLEG: 259 av dei 1050 tilsette i TRN er tatt ut i streik. Håkon Fjeld-Hansen, administrerande direktør i TRN seier dei ikkje forventar mykje meir kø enn normalt.

Foto: Travel Retail Norway

259 av dei 311 medlemmene Luftfartens Funksjonærforening har tatt ut i streik, jobbar i Travel Retail Noreg (TRN). Håkon Fjeld-Hansen, administrerande direktør i TRN, seier butikkane og taxfreeavdelinga på flyplassane kjem til å vere opne som vanleg.

– Me håpar dei reisande ikkje vil merke mykje til streiken. Me har 1050 tilsette til vanleg, og framleis om lag 900 tilsette på jobb som vil halde drifta i gang som vanleg.

Dei 900 tilsette som framleis er på jobb, er uorganiserte eller organiserte i Handel- og kontor. Leiinga i TRN vil også gå inn og hjelpe til dersom det blir nødvendig.

– Det vil vere ein periode med noko redusert bemanning, men me trur ikkje det vil bli mykje meir kø enn normalt.

– Vil ha lokale forhandlingar

Dei som kjem heim med store charterfly, vil merke streiken ekstra godt.

Arild Bøe

Hovudorganisasjonen Virke og Luftfartens Funksjonærforening blei ikkje einige under meklinga måndag ettermiddag.

Phoebe Hudson-Davies som er fagleg leiar i Luftfartens Funksjonærforening seier dei valde å gå ut i streik fordi dei tilsette i år ikkje får delta i lokale forhandlingar der løn og arbeidsforhold blir drøfta.

– Medlemmene har berre fått sjå dei sentrale forhandlingane, men har ikkje fått delteke i lokale samtalar på flyplassane for å drøfte løn eller arbeidsforhold. Resultatet av det blir at enkelte arbeidstakar ikkje får vite kva dei får, når dei skal stemme ja eller nei til avtalar i ei uravstemming.

Sjølv om dei reisande enda ikkje har fått merke følgjer av streiken, kjem ein streik til å svi for både reisande og tilsette etter kvart, meiner Davis.

– Jo lengre streiken går føre seg, jo meir slitne blir dei som må arbeide for å halde butikkane i gang.

– Umogleg for å oss å gå med på krava

Pål Skarsbak

GÅR IKKJE MED PÅ KRAVA: Virke vil ikkje gå med på krava frå Luftfartens Funksjonærforening, seier forhandlingsdirektør, Pål Skarsbak i Virke.

Foto: NRK

Luftfartens Funksjonærforening vil ha lokale forhandlingar før uravstemming. Det vil i praksis bety at ein innfører streikerett på lokale forhandlingar, meiner Virke.

– Det er det ingen andre forbund som har med oss, og er i strid med gjeldande tariffavtale. Difor var det heilt umogleg å gå med på dette, sa forhandlingsdirektør Pål Skarsbak i Virke til NRK i går.

Han seier LFFs medlemmer blei tilbydd eit godt økonomisk tilbod, men at dei likevel valde å streike.