I lovforslaget som vart sendt utpå høyring vert det tatt til orde for forby pelsdyrhald umiddelbart, men med ein avviklingsperiode fram til 1. februar 2025 for dei som driv med oppdrett av pelsdyr i dag.
Engasjementet rundt saka har vore stort, og innan høyringsfristen gjekk ut før helga hadde regjeringa fått inn heile 323 svar. Reaksjonane er sterke både blant dei som er for og imot.
– Ingen faglege argument
Pelsdyrbøndene meiner regjeringa grunngjev for dårleg kvifor dei vil legge ned næringa.
FOR DÅRLEG: Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag er ikkje nøgd med lovforslaget frå regjeringa.
Foto: Vilde Helljesen / NRK– Regjeringa fører ikkje eit einaste fagleg argument for å legge ned pelsdyrnæringa. I lovforslaget syner dei til si eiga stortingsmelding frå 2017 der dei sjølve omtalar dyrevelferda som god, seier Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag.
NHO meiner forslaget «undergrev langsiktigheit og føreseielegheit for små og mellomstore bedrifter i næringa» og fryktar at regjeringa no dannar presedens for meir offentleg inngriping i næringslivet.
– Å innføre forbod mot eksisterande næringsverksemd er etter vår vurdering eit ekstremt inngripande tiltak, skriv dei i sitt høyringssvar.
Krev stogg
NHO viser også til Regelrådet, som vart oppretta av regjeringa i 2015 for å passe på at næringslivet ikkje vert pålagde unødige byrder når det kjem nye reglar. Også dei er skeptiske.
– Utgreiinga av konsekvensar for dagens pelsdyroppdrettarar har svakheiter, slår dei fast.
Også Bondelaget støttar konklusjonen frå Regelrådets og krev umiddelbar stogg i arbeidet med lovforslaget. Dei krev også ein garanti for at det ikkje vert vedteke noko forbod i denne stortingsperioden.
– Det kan ikkje fattast vedtak om avvikling på det grunnlaget som ligg føre i høyringsutkastet. Eit så inngripande lovvedtak kan ikkje vedtakast på eit mangelfullt grunnlag, skriv dei.
Intern motstand
Også internt i regjeringa er det motstand mot å forby pelsdyroppdrett. Både Frp, Høgre og KrF vil behalde næringa, men Venstre fekk gjennomslag for pelsdyrstogg både i Jeløya-plattforma og Granavolden-plattforma.
Dermed er det opp til landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) å jobbe vidare med forslaget, sjølv om ho kjem frå det største pelsdyrfylket i landet og representerer eit parti som ynskjer å behalde næringa.
Mat- og landbruksdepartementet har ikkje svart på spørsmål frå NTB om ein kommentar til uttalane i høyringsrunden.
For sakte
Men medan næringslivs- og bondeorganisasjonane er kritiske til at pelsdyrnæringa skal avviklast, er dyrevernorganisasjonane kritiske til lengda på overgangsperioden.
– Vi stiller oss svært positive til eit forbod mot hald av pelsdyr i Noreg, men vi meiner den føreslåtte overgangsperioden er or lang, skriv Dyrebeskyttelsen Noreg.
Også NOAH meiner overgangsperioden bør vere kortare enn seks år. Organisasjonen er likevel glad for at den føreslåtte kompensasjonsordninga ikkje stimulerer oppdrettarar til å utnytte heile avviklingsperioden.
– Men vi skulle helst sett at dei som avviklar pelsdyrhaldet allereie i 2019, får eit større insentiv, skriv dei.