Hopp til innhold

Slagsmål og uro fleire stader i natt

Politiet i måtte i natt rykke ut til meldingar om slagsmål og uro fleire stader i fylket i natt.

Politi illustrasjojn
Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det byrja klokka 23.33 i Sogndal der politiet fekk melding om mistanke om bruk av narkotika på ein utestad. Då patruljen kom fram tok dei hand om ein 18 år gammal mann som var svært utagerande og aggressiv, seier Arve Samsonsen som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Mannen var framstilt for lege for blodprøve, og fekk seinare overnatte i drukkenskapsarresten.

Seinare på natta måtte politiet orden opp i eit slagsmål ved Pizzabakaren i Sogndal.

– Omstenda er litt uklare. Men to personar har slåst. Ein person blødde frå skadar i andletet og vart teken han om av helse. Her vert det vidare oppfølging av saka over helga, seier Samsonsen.

I Naustdal måtte politiet ta hand om ein rusa mann i 20-åra som skapte problem på eit arrangement på Årøyane grendehus.

– Politipatruljen fekk kontroll på mannen, og han vart teken hand om av helse, seier Samsonsen.

Klokka 02.08 kom politiet patruljen over nokre unge menn som slost i Førde.

– Det roa seg då politiet kom på staden. Også her hendingsforløpet noko uklart. Politipatruljen snakka med partane, og bad dei melde saka over helga dersom dei ynskte det, seier Samsonsen.

Om lag samstundes kom politiet over eit trafikkuhell i Storehagen i Førde. Der hadde ein bil køyrt inn i eit skilt.

– Det er ikkje mistanke om at føraren i 30-åra har hatt promille, men vi snakkar om aktlaus køyring, seier Samsonsen.