Slagsmål i Bergen sentrum

Ein person er meld til politiet, etter eit slagsmål i Bergen sentrum i natt. To menn på 22 og 29 år barka saman utanfor Cafe Opera like før klokka tre. – Då vi kom til staden fekk vi kontakt med begge to. Den eine oppførte seg dårleg, og er meld for forulemping av offentleg tenestemann. Begge blei dimittert, fortel operasjonsleiar i politiet Lars Geitle.