Det fortel Rogeir Haugen som er dagleg leiar i Oldedalen Skysslag. Det er overveldande stort engasjement og det varmar i den vanskelege situasjonen, fortel Haugen.
Måndag kveld sprang nok ein hest ut i Oldedalen og 15 personar vart frakta til sjukehus. Dermed var det berre å konstatere at den fjerde ulukka på fem år hadde skjedd med den populære hesteskyssen opp til Briksdalsbreen. Men etter at det vart kjent at dette kan bety at siste hest med vogn har frakta turistar til breen, har ikkje reaksjonane latt vente på seg.

Fleire forslag om å endre vognene. Foto: Scanpix Jørgen R. Nesje
40 telefonar
I går måtte Haugen svare på rundt 40 telefonar. - Det var i frå heile landet frå nord til lengst sør. Dei synst det var veldig dramatisk å berre sette kroken på døra, og at vi måtte berre tenkje på at det skjedde kollisjonar på vegane med bilane, seier Haugen.
Tryggleiken har fått nytt fokus etter ulukka. Difor har folk med teknisk kompetanse ringt inn for å komme med forslag til løysingar for å betre tryggleiken. - I går hadde eg ein fire-fem ingeniørar som ringde om tankar og idear om kva som eventuelt kunne vore gjort med mellom anna vognene. Og fleire ville sende skisser. seier skysslagsleiaren.

Får framleis bestillingar
Det har ikkje komme nokon avbestillingar, men turoperatørane er interesserte i å vite om dei kan tilby kundane sine transport opp til breen med hest også neste år. Men også frå turoperatørane får skysslaget støtte til å halde fram med hesteskyssen. - Det er stort sett den haldninga at det er dyr vi har å gjere med, og at det ligg ein kalkulert risiko. Men det har kome inn bestillingar på hest etter at ulukka skjedde, seier Haugen.
Politiet har endå ikkje konkludert med noko årsak til at hestane sprang ut.