Skyss tapte 260 millionar

Kollektivselskapet Skyss har tapt 260 millionar kroner på grunn av koronapandemien. Så stor er svikten i billettinntektene i Hordaland frå januar til august. Det var budsjettert med 800 millionar kroner, men fasiten blei altså 260 millionar mindre.