Ny app hjelper Tone med å behandle lungesjukdommen sin

Pasientar med lungesjukdom kan no få hjelp via mobilen. – Korona gjorde at me sette opp farten.

Elin Johnsen og Tone Kvigne - pust deg bedre

HJELP TIL SJØLVHJELP: Spesialfysioterapeut Elin Johnsen rettleiar pasient Tone Kvigne i korleis ho kan bruke appen til å behandle symptoma av lungesjukdommen hennar.

Foto: Privat

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– No veit eg at eg har eit hjelpemiddel som eg kan bruke utan at eg må vere i kontakt med legen først. Når eg no kjenner at eg bryggar på noko, så kan eg gå inn å gjere dei førebyggande tiltaka som eg veit fungerer for meg, seier Tone Kvigne.

Ho har ein kronisk lungesjukdom som gjer at ho veldig lett får infeksjonar. I vel eit halvt år har ho fått teste den nye Pust deg betre-appen til Helse Førde.

– Eg får øvingane på telefonen min, så slepp eg å gå rundt og hugse på kva teknikk eg må bruke for å bli kvitt kva symptom.

Gjennom appen får ho detaljert informasjon om ulike øvingar og pusteteknikkar som skal hjelpe mot slimplagar og andenaud. Øvingane blir illustrert på skjermen slik at brukaren enkelt kan utføre dei på eiga hand.

Pust deg betre appen

TESTA PROSJEKTET: Tone Kvigne var med å teste appen før han vart lansert. No har appen blitt enno meir aktuell på grunn av korona.

Foto: Privat

Skunda fram lansering

Me står i ein situasjon med stadig større behov for nyskaping og innovasjon i helsesektoren, seier Elin Johnsen, som er prosjektleiar for Pust deg betre.

På grunn av koronakrisa valde dei å skunda fram lanseringa av appen.

Personar med lungesjukdommar er nemleg i ei risikogruppe for å utvikle alvorleg sjukdom av koronaviruset. Samstundes har fysioterapeutar i kommunane vore stengde, og dei som er i risikogruppa vert oppmoda om å halde seg heime.

Då er det viktig at me kan hjelpe dei til å hjelpe seg sjølv, seier Johnsen.

Pust deg betre appen

ILLUSTRERER ØVINGANE: Ei dokke viser korleis dei ulike øvingane skal gjennomførast. Dokka kan tilpassast kvar enkelt pasient i samråd med ein fysioterapeut.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Kombinerer lungefysioterapi og spelteknologi

Også Covid-19-pasientar, med symptom som slim og andenaud, vil kunne få tilpasse eit opplegg gjennom appen, seier ho.

– Dette kan sikre at desse pasientane får noko å hjelpe seg med i ei tid der møta mellom behandlar og pasient bør minimerast for å hindre smittespreiing.

Målet er at alle som har problem med slim eller andenaud kan ha nytte av appen.

– I appen kan fysioterapeuten programmere ei dokke til å demonstrere for pasientane korleis øvingane skal utførast, på same måte som figurar i eit dataspel.

Teknologiselskapet Haptiq har utvikla appen basert på deira erfaring med spelteknologi.

Finn tryggleik i appen

Tone Kvigne er ei av dei som no må vere ekstra påpasseleg med å halde seg frisk. Til vanleg er ho med i ei treningsgruppe og har eit eige opplegg som ho skal følgje for å halde infeksjonane vekke.

No er treninga stengt, og Kvigne må halde seg heime. Då er det ekstra greitt å ha ein app som kan minne ho på kva øvingar ho skal gjere for å lindre ulike symptom.

– For meg har det vore eit nyttig verktøy, både før og under korona, seier ho.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 04.08.2020
9334
Smittet
12
Innlagt
256
Døde