Hopp til innhold

Skummel bjørn og feit svenske

Då ha kom til Sogndal Fotball hadde vog den svenske midtbanespelaren 100 kilo og trudde tre treningar i månaden var nok. Det var starten på eit svært tøft år for Peter Nystrøm.

Karl Oskar Emberland og Peter Nystrøm (det vesle biletet)

SKUMMEL BJØRN: Karl Oskar Emberland (t.v) skremde Peter Nystrøm (t.h) ned 12 kilo.

Foto: Scanpix

Den svenske midtbanespelaren spelte ein sesong i Sogndal, og var ein heller anonym figur dei gongene han slapp til i 2007-sesongen. I eit nyleg publisert blogginnlegg på det svenske fotballmagasinet fortel han om redsla som vart overvunnen av respekt for dåverande Sogndal-trenar Karl Oskar Emberland. Eller den "skräckinjagande bjørnen" som Nystrøm kallar han.

Les heile blogginnlegget på offside.org her

- Eg kom til Sogndal svært utrent. Eg hadde jogga tre gonger på ein månad og trudde det var nok, trass i ei matchvekt på over 100 kilo, skriv Nystrøm, som på den tida var 22 år gamal.

Fryktinngytande bjørn

- Då eg kom inn i garderoben på den vesle staden Sogndal vart eg møtt av ein fryktinngytande bjørn. Bjørnen heitte Karl Oskar Emberland og viste seg å vere hovudtrenaren. Frå dag ein var eg livredd denne bjørnen, skriv Nystrøm.

- Første økta var ein kondisjonstest, og eg treng ikkje seia meir enn at eg var nokre lenger etter resten av spelarane. Dei første månadene hadde eg eit helvete, skriv Nystrøm om tida då han var desidert dårlegast i alt på treningane og hadde ein trenar som ikkje hadde tillit til han.

Glad i kaker

For Nystrøm trudde at du kunne ete kva du ville som toppspelar, fordi du trena kvar dag.

- Det beste eg viste på den tida var å koma heim og stappe i meg ei pakke med kaker og eit glas brus, som eg trudde var nett som å drikka vatn, skriv svensken.

Han vart redd for å visa att på trening, unngjekk ballen i speleøkter. Han skildrar seg sjølv om ein alibi-spelar, altså ein spelar som heller set medspelarane i vanskelege situasjonar enn å ta ansvar sjølv.

Seriøse, men dårlege

- Lagkameratane mine på den tida var veldig ulike dei eg hadde hatt i Frølunda. Dei trena steinhardt på kvar trening, gav alt i duellane var superseriøse i styrkerommet. Eg tykte dei var dårlege spelarar som berre kunne springe og takle, sjølv om eg fotballmessig var fleire klassar dårlegare enn dei på treningane, skriv Nystrøm.

Dei som følgde Sogndal Fotball på den tida vil neppe vera usamde med Nystrøm sine karakteristikkar av seg sjølv. Han var redselsfullt dårleg, og vart stempla som ein flopp frå første stund. Einaste trøysta må ha vore at spelaren som vart kjøpt samtidig med han, estiske Karl Palatu, vart sett på som endå dårlegare.

Ville gøyme seg på do

- For kvar minste feil eg gjorde på treningsfeltet høyrde eg bjørnen si stemme runge. Eg ville berre springe og gøyme meg på toalettet, skriv Nystrøm.

Men etter kvart forstod han alvoret. Etter ei stund kvitta han seg med snopet, kakene og brusen og begynte å trene som dei andre på laget. Det gav resultat.

- Eg gjekk "all in". Før og etter treningane var eg på tredemølla for å springa vekk kaloriar, skriv Nystrøm, som snart var 12 kilo lettare.

Det forandra kvardagen hans fullstendig.

Bjørnen rosa

- Plutseleg fekk den store, sterke bjørnen augo opp for meg. No var det skryt som runga over treningsfeltet. Det vaks eg på og jobba steinhardt både på treningar og i styrkerommet. På hausten fekk eg endeleg starta kampar, skriv svensken.

No høyrer det med at sjølv om han vart betre, skreiv han seg ikkje akkurat med gullskrift i Sogndal-soga. Han fekk 13 seriekampar, dei aller fleste som innbytar og skåra eitt mål i ein treningskamp . Våren 2008 vart han gitt bort til den svenske klubben BK Häcken.

Ny livsstil

I Häcken skikka han seg imidlertid brukbart og rykka opp til Allsvenskan med klubben i 2008. I dag spelar han i Halmstad i svensk 1. divisjon, og lærdomen frå tida i Sogndal har han tydelegvis med seg. I svært rosande ordelag takkar han Emberland og Sogndal for den nye livsstilen sin.

- Karl Oskar Emberland er i dag ein trenar eg held veldig høgt, skriv svensken.