Skulle ta avgjerd i betent vindkraftsak – sende ut kladden

Innbyggarane i Fjaler har i årevis venta på svar om vindkraftanlegget på Lutelandet. Denne veka kom det eit brev frå staten. Men det var ein kladd.

Illustrasjon av korleis vindturbinar er tenkt plassert på Lammetun ved Lutelandet i Fjaler.

SENDE UT KLADD: Statsforvaltaren i Rogaland sende ved ein feil ut kladden til vedtaket om vindkraftsaka på Lutelandet i Fjaler kommune.

Foto: Montasje: Vestavind Energi

I Fjaler har grunneigarane venta og venta.

I 2011 gav kommune grønt lys til å byggje større vindturbinar og dumpe massar i sjøen ved vindkraftanlegget på Lutelandet.

Vedtaket skapte klagestorm blant grunneigarar og offentlege instansar. Til saman vart 48 klagar sendt inn.

Blant dei som klaga var Fylkesmannen (no: Statsforvaltaren) i Vestland.

Difor vart det opp til Statsforvaltaren i Rogaland å avgjere saka.

Tysdag kom svaret – om «dispensasjon frå reguleringsplan og samtykke til å auke rotordiameter på vindkraftverk og fylle i sjø – Fjaler kommune».

Det var berre eit problem: Vedtaket var ein kladd, og skulle aldri ha vore sendt ut.

– Det har skjedd ein feil her, seier Jan Petter Stangeland, fungerande avdelingsdirektør hjå Statsforvaltaren i Rogaland.

– Brevet som er sendt ut er eit forslag. Vi må nok sjå på det på nytt og komme tilbake til dei ulike vurderingane.

Skjermdump / Statsforvaltaren i Rogaland

FEIL: Kladden som vart sendt ut ved ein feil inneheldt kommentarar på sida.

Foto: Skjermdump / Statsforvaltaren i Rogaland

Då NRK tok kontakt med utbyggar Vestavind Energi AS tysdag kveld, var forvirringa stor.

Ordførarar i kommunen Kjetil Felde, ville ikkje kommentere saka.

Og det ville heller ikkje dagleg leiar i utbyggarselskapet, Stig Svalheim.

Dagen etter er han meir offensiv, og viser til at dei har fått grønt lys frå Olje- og energidepartementet.

– Forsinkinga er ikkje gunstig, men vi har ein god sak, seier han til NRK, og varslar at det kan bli aktuelt å gå til departementet «å oppmode om at konsesjonen vert gjort gjeldande som statleg plan» (som kan overstyre den kommunale planen).

Han tek atterhald om at han sjølv ikkje har fått noko brev – berre ein kladd i hende frå NRK.

– Men den klagen frå Statsforvalteren står uansett litt for seg, på sida der, seier han.

KLADD: Tysdag kom avgjerda om vindkraftanlegget på Lutelandet. Det var berre eit problem. Vedtaket som vart sendt ut var ein kladd.

– Vi må sjå på våre rutinar

Kladden vart sendt til fleire på klagelista og til lokalavisa Firda, som publiserte sak om at saka var vedtatt.

– Det er berre å beklage at det har skjedd ein slik feil. Vi må sjå på våre rutinar, seier Stangeland.

lutelandet

FRILUFTSLIV: Statsforvalteren skriv i kladden at ei utviding av vindkraftanlegget vil gå utover friluftslivet i området.

Foto: Steinar Lote / Steinar Lote

I vedtaket, eller iallfall i kladden, legg Statsforvaltaren vekt på at å dumpe massar i sjøen vil gå utover sjøområdet kring Lutelandet, Korssund og Lammetun.

Området er mykje brukt til friluftsliv som småbåttrafikk, fisking og rekreasjon.

Det er påvist hekkande hubro i nærleiken av Lutelandet og det er høgst sannsynleg at hubroen passerer Lutelandet regelmessig under jakt i nærleiken.

Hubro er ein raudlista art.

Stangeland vil ikkje seie meir om innhaldet i vedtaket.

– Det blir feil å kommentere dette skrivet før det endeleg er ferdig. Det er ei komplisert sak som vi må kome tilbake til når saka er endeleg vedtatt, seier han.

– Når kan ein vente ei endeleg avgjersle?

– Det vil skje relativt raskt.

Hubro

RAUDLISTA: Det er påvist hekkande Hubro i nærleiken av vindkraftanlegget. Statsforvaltaren meiner utvidinga ville skade bestandsutviklinga for fugleartar i området rundt Lutelandet.

Foto: Kjartan Trana/NRK