Hopp til innhold

Skulle synge i Finland – hamna på Askøy

Bergen domkirkes jentekor fekk ein lenge planlagt tur til Finland øydelagd denne helga. Dei 26 jentene mellom 5 og 18 år skulle ha halde to store konsertar i Turku og besøke Mummidalen. Men slik gjekk det ikkje.

På flyplassen fekk dei høyre at flyet var kansellert grunna lynnedslag, og koret fekk ikkje booka om reisa før til slutten av helga. Som eit plaster på såret vart korjentene inviterte til å halde to konsertar på midtsommarfesten på Askøy laurdag i staden.

– Tusen takk til alle som har stått på og trekt i trådane, skriv koret på Facebooksida si.

jentekor
Foto: Jørgen Bakke