Slike utslitne fiskerikaier er «oppgåva» regionane fekk av staten

Fylkeskommunane skulle få meir makt og oppgåver frå staten. No sit dei med enorme budsjettkutt, og fleire hundre eldre fiskerikaier.

Fiskerikaia Struen i Bremanger

UTSLITEN: Fiskerikaia ved Struen i Bremanger kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Struen, heilt ytst mot havet i Bremanger kommune, står ei sliten fiskerikai til nedfalls. Ansvaret er nyleg overført frå staten til det nye storfylket Vestland.

– Det kjem altfor lite pengar til å vedlikehalde og satse på fiskerihamnene, sukkar ein fortvilt fiskar Geir Magne Røys.

19 norske fylke har blitt til 11, og tanken var at dei nye fylka skulle få overført oppgåver og ansvar frå staten.

Men no har overføringa av viktige kulturinstitusjonar og barnevernet gått i vasken, og fylkespolitikarane føler seg ikkje noko særleg mektigare.

Dei mange hundre statlege fiskerihamnene er eit av få unnatak, ei oppgåve som har blitt overført frå stat til fylke i samband med regjeringa si regionreform. Men heller enn å symbolisere kor mektige fylka har vorte, syner dei fram eit anna problem fleire nye storfylke no har; for lite pengar.

Ein gjennomgang Vestland fylke har gjort viser at det er 100 millionar i vedlikehaldsetterslep på dei 99 fiskerihamnene fylket overtok frå staten.

Geir Magne Røys

FISKAR: Geir Magne Røys

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– No må fylkespolitikarane leggje press på staten, for moderne fiskerihamner er veldig viktig for at vi skal klare å rekruttere til næringa vår, seier Røys. Han håpar Vestland fylke kan bla opp nær 90 millionar til ei heilt ny hamn i Kalvåg, nokre kilometer unna Struen.

Sviktande økonomi i fleire fylke

Og det er ikkje berre slitne fiskerihamner dei nye storfylka strevar med etter regionreforma.

I Vestland manglar fylkespolitikarane 500 millionar kroner for å gå i null dei neste åra, og no syner ein gjennomgang NRK har gjort at stoda er dyster også i fleire andre fylke.

Til saman manglar dei 11 fylka i landet 1,6 milliardar kroner for å få budsjetta sine til å gå opp fram mot 2023. Og det var før dei tapte meir enn fire milliardar kroner på koronakrisa.

– Skular, samferdsle og alt anna må vi no kutte på. Dersom det ikkje kjem meir kompensasjon frå staten, så vil folk merke at fylket vårt har utruleg mykje dårlegare økonomi, seier fylkesrådsleiar i Nordland fylke Thomas Norvoll (Ap).

Fylka i nord nektar å ta i mot fiskerihamnene

I dei nordlegaste fylka i landet, har den økonomiske situasjonen tilspissa seg slik at fylkespolitikarane nektar å ta i mot eigarskapen frå staten for over 200 fiskerihamner.

Dei meiner dei ikkje har pengar til å skrive under eigedomspapira.

– Den pengeoverføringa som staten vil gje for fiskerihamnene er eigentleg skammeleg. Det dekkjer ikkje dei kostnadane som er der og dei investeringane som trengst, og det vil rasere kysten om det er dette som blir lagt til grunn, seier fylkesråd for samferdsle i Nordland fylke Bent-Joachim Bentzen (Sp).

Men kommunalminister Nikolai Astrup (H) er ikkje samd i framstillinga av at fylka har for lite pengar.

Nikolai Astrup

STATSRÅD: Kommunal- og moderniseringsingsminister Nikolai Astrup (H).

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Fylka har dei same midlane til rådigheit for å halde ved like til dømes fiskerihamner, som det staten hadde då det var vår oppgåve. Generelt har norske fylke vore i økonomisk balanse og gått med overskot på drifta, og dei har hatt pengar på bok, seier Astrup.

– Fylka har slite med legitimiteten sidan 70-talet

Forskar ved Universitetet i Bergen Yngve Flo er ikkje overraska over at fylkeskommunane ikkje har vorte meir styrka etter regionreforma til regjeringa.

– Dei norske fylka har slite med låg legitimitet veldig lenge. Det er ikkje så mykje stas for politikarar å sitje på fylkestinget, og folk opplever ikkje at fylka har stor påverknad på liva deira. Også på 70-talet forsøkte ein å styrke fylka ved ein reform, men ein lukkast berre delvis.

– Kvifor er det slik?

– Det er vanskeleg å flytte makt ut til fylka, Noreg har ein ganske sterk sentralmakt. Mange er tilhengarar av desentralisering i teorien, men når det kjem til konkrete utflyttingar, ser ein på det som ei nedgradering å bli flytta frå staten til fylka. Det såg ein sist i diskusjon om flytting av kulturinstitusjonar i Bergen frå staten til Vestland fylke, seier Flo.

Uroa for følgjene

Og om ikkje noko skjer for å betre den økonomiske situasjonen til fylka, er fiskar Geir Magne Røys uroa for at det ikkje blir ei ny hamn i Kalvåg, slik som fiskarane har etterlyst i mange år.

Førre veke bestemte Vestland fylke seg for å investere i ei ny fiskerihamn på Bømlo, no fryktar han det er tomt for pengar.

– Ja, eg er veldig bekymra. Regjeringa pratar om at det er næringane i havet vi skal leve av i framtida, men pengane følgjer ikkje med, seier Røys.

Geir Magne Røys og Monica Sande

BEKYMRA: Monica Sande i Bremanger Hamn og næring og Geir Magne Røys er spente på om det kjem ny kai i fiskeribygda Kalvåg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK