Hopp til innhold

Skulle stelle grava – blei møtt av ustelt kyrkjegard

Knehøgt gras møtte Janne Iren Larsen Kjørvik då ho skulle stelle grava til mor si. – Eg tykkjer det var trist. Eg blei frykteleg lei meg,

Høgt gras på gravplassen i Holvik

HØGT GRAS: Slik har det sett ut på gravplassen i Holvik i det siste.

Foto: Bjarne Eldevik

I pinsa skulle Janne Iren Larsen Kjørvik stelle grava til mor si i Holvik utanfor Måløy.

– Vi såg at graset var slått ved porten, men rundt gravene på heile gravplassen rakk graset heilt opp til kneet. Eg blei veldig lei meg og tenkte kva er det som skjer. Kvifor ser det slik ut?

Ho la ut eit innlegg på ei Facebookgruppe og meldte også frå til nettstaden Måløy24, som først skreiv om saka. Kjørvik fortel at ho har fått mange reaksjonar og kommentarar.

– Enkelte foreslo dugnad, men det meiner eg blir feil. Det er ikkje enkelt for oss som ikkje bur der å få til.

Høgt gras på gravplassen i Holvik

IKKJE SLÅTT: Graset gjekk heilt opp til kneet på Janne Iren Larsen Kjørvik.

Foto: Bjarne Eldevik

– Skal vere gode stader å besøke

– Tja, kva kan ein seie? spør Alf Bergin når han får sjå biletet av gravplassen i Holvik.

Han er redaktør for fagbladet Gravplassen, og minner om at gravplassar skal vere «gode stader å besøke for pårørande og andre».

I gravferdsforskriften heiter det at «gravplassen skal haldast i hevd og forvaltast med den orden og verdigheit som dens eigenart tilseier.»

– Umiddelbart synest det for meg som gressklippingen burde vore gjennomført for lenge sidan og at gravplassen ikkje er i den orden eg reknar som akseptabel, seier Per Øyvind Skrede, som er leder i gravplassforeningen.

Høgt gras på gravplassen i Holvik

KINN: Det er 18 kyrkjegardar i Kinn som Kinn kyrkjelege fellesråd har ansvar for.

Foto: Bjarne Eldevik

Beklagar

Kyrkjeverje Erling Bakke Nydal i Kinn kyrkjelege fellesråd forstår at det kjem reaksjonar.

– Vi beklagar verkeleg at graset har vakse langt som det har. Det skal ikkje sjå slik ut på ein gravplass, seier han.

No lover han at graset skal bli slått snarast råd.

– Vi er ferdige med dei andre gravplassane. Dei har blitt veldig flotte, og no er det Holvik som skal bli flott.

Fellesrådet har ansvar for 18 kyrkjegardar i Kinn kommune. Graset kan vokse seg høgt på den siste som blir slått, seier Nydal.

– Slik er det dessverre. Vi må ta gravplass etter gravplass. I år var det Holvik som blei slått sist.

Høgt gras på gravplassen i Holvik

VÊR: Det var snø på gravplassen i byrjinga av mai, noko som gjorde at veksten eksploderte veldig dei siste to-tre vekene.

Foto: Bjarne Eldevik

Snø i mai

I år har dessutan veksten eksplodert på grunn av verforholda.

– Vi hadde snø på gravplassane i byrjinga av mai. Det var kuldeperiode og så byrja vi å slå. Vi tok runden rundt og så eksploderte veksten noko veldig siste to-tre vekene.

No lover han at det skal bli fint resten av sommaren.

Janne Iren Larsen Kjørvik håper det ser fint ut på gravplassen neste gong ho skal stelle grava til mora.

– Eg håper eg slepp å møte eit slikt syn igjen. Då kan eg vere blid, ta eit bilete og legge ut ein kommentar. Det kostar meg ingenting. Og då kan eg gle meg til neste gong eg skal dit, seier ho.