Hopp til innhold

Skulle feire halloween som terrorist – enda i arresten med 12.000 i bot

Halloween-feiringa gjekk ikkje heilt etter planen for mannen i 30-åra som hadde kledd seg ut med «bombevest». – Ein særdeles dårleg ide, seier politiet.

Ein mann i 30-åra vart arrester i Bergen, etter å ha kledd seg ut med eit «bombebelte»

ARRESTERT: Ein mann i 30-åra, utkledd som terrorist, vart arrestert seint laurdag kveld. Video: 03030-tipsar.

Seint laurdag kveld fekk politiet inn fleire meldingar frå publikum om ein mann som gjekk rundt på Torgallmenningen ikledd «bombevest», kamuflasjejakke og eit skjerf rundt hovudet.

– Fleire synest det var skremmande, andre meinte det var upassande og usmakeleg. Mannen skulle visstnok feire halloween, men det er ikkje så lett å sjå kva som er utkledning og ikkje – i alle fall ikkje i desse tider, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Politiet fekk kontroll på mannen utanfor ein utestad.

– Bombevesten var heimelaga, og mannen hadde ikkje til hensikt å skade eller skremme nokon. Men det gjorde han jo, seier Rebnord.

Ein dyr affære

Den austeuropeiske mannen vart teken med i arresten, der han vart sitjande i fleire timar.

– På veg ut fekk han med seg eit førelegg som er innstilt på 12.000 kroner. Det er faktisk ulovleg å oppføre seg slik at ein skremmer dei rundt seg, i alle fall i offentlege rom. Dette var ein særdeles dårleg ide, seier Rebnord.

Utkledd som terrorist

KAMUFLERT: Mannen hadde på seg ein heimelaga bombevest, kamuflasjejakke og eit skjerf rundt hovudet då han vart arrestert.

Foto: 03030-tipsar

Mannen var ikkje den einaste som hadde gått for ei noko problematisk utkledning. I Vestre Torggate kom ein mann ut av ein bil med det som tilsynelatande var eit automatvåpen hengande ned langs sida, samt ein pistol i bukselinninga.

Laster Twitter-innhold

– Politiet fekk kontroll på mannen inne på ein utestad. Det viste seg at alt var leikevåpen, og desse vart teke ifrå han og destruert, seier Rebnord.

– Særdeles dumt

Operasjonsleiaren seier det er utfordrande for politiet å få slike meldingar.

– Vi har rutinar på korleis vi handterer slike situasjonar. Når vi først rykker ut, gjer vi det på bakgrunn av at vi ikkje kan seie med sikkerheit at dette var tull og tøys. Vi gjer ei vurdering med tanke på kva dato det er og korleis vedkommande oppfører seg, men i hovudregel tek vi slike meldingar på alvor, seier Rebnord.

Han seier alle patruljar i byen vart varsla om dei to hendingane, og åtvarar om at slike utkledningar kan få større konsekvensar enn ein aner.

– I verste fall risikerer ein å setje i verk ein ganske stor politiaksjon og eit apparat som ein ikkje aner konsekvensane av. Då har ein gjort noko særdeles dumt.

Rebnord fortel elles om ei litt over snittet travel natt til søndag for politiet i Vest, med mellom 80 og 100 registrerte hendingar.