Hopp til innhold

No skal skuleleie ungdommar gi bergensartistar «kortreist vinyl»

Over hele verda står artistane i kø for å få trykt LP-ar. No skal ein yrkesfagskule starta vinylpresse – men berre for musikarar i Bergen.

Espen Madsen (foran) og Tobias Myrmel Nesse

SONGTALENT: Espen Madsen var skulelei. No lagar han mat og musikk på skulen som frå hausten skal bli vinylplatetrykkeri for bergensartistar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

SONGTALENT: Espen Madsen var skulelei. No lagar han mat og musikk på skulen som frå hausten skal bli vinylplatetrykkeri for bergensartistar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Over heile verda skrik artistar, plateselskap og musikkelskarar etter vinyl. «Retroplater» er blitt så populært at det er altfor få platetrykkeri.

Ventetida er lang på både LP og singel.

Også for det yrande musikkmiljøet i Bergen. «Bergensbølgen» av ei lang rekke artistar har rulla stadig sterkare ut i verda.

Coverbilde: Materialtretthet av The Aller Værste
Frå The Aller Værste på seint 1970-tal, via til dømes Pogo Pops, Ephemera og Sondre Lerche
Marie Amdam i Razika - Øyafestivalen 2013
til Röyksopp og Razika, Lars Vaular og Fjorden Baby!
Kontroll på kontinentet
Kanskje til og med Kaizers må reknast som bergensband
Aurora Aksnes
og sjølvsagt internasjonale superstjerner som Kygo, Alan Walker og Aurora.

Men bortsett frå dei aller største, ligg dei lokale heltane no i ei bakevje.

Bergensbølgen blir eit nedprioritert lite piss i havet når verdas største artistar hiv seg på vinyl-bølgja.

Bak Adele & co.

Når til dømes Adele bestiller ein halv million LP-plater, hamnar dei fleste andre langt bak i køen.

– Då nyttar det ikkje å heita Lars Vaular eller Silja Sol. Adele får trykka først, seier bergenske Even Johansen.

Even Johansen, Magnet
Sidan 2000-talet er han kjent som popartisten Magnet.
Even Johansen
No er han kulturverkstadleiar på Hyssingen produksjonsskole i Bergen.

Og der skjer det ting.

For no får Bergen sitt eit eige, lokale platetrykkeri. Hyssingen har nemleg fått 1,2 millionar kroner i statsstøtte for å kjøpa ei vinylplatepresse. Den skal starta opp i haust.

rektor Baste Bruarøy, Hyssingen produksjonsskole
– Me skal trykka vinylplater til gode for musikkmiljøet i Bergen, seier rektor Baste Bruarøy.
Illustrasjonsfoto: LP-stift
Han ser føre seg at dei klarer «fleire tusen» i veka. Kanskje 3-4000 vinylplater.

– Tøft

Hyssingen er eit eittårig og heilt praktisk vidaregåande yrkesfagtilbod for ungdommar som har droppa ut av skulen.

Espen Madsen (foran) og Tobias Myrmel Nesse
– Vinyl er jævlig tøft, meiner sangtalentet Espen Madsen.
Vinyl platespiller
Han syns det er flott at Hyssingen skal få eit vinyltrykkeri.

17-åringen går på restaurant- og matfaglinja. Men han er også eit songtalent, og er ofte innom musikkstudioet til kulturverkstad-linja.

Tobias Myrmel Nesse
Der jobbar medelev Tobias Myrmel Nesse (20) med videopodkast.
Tobias Myrmel Nesse og Espen Madsen (t.h.)
– Det er veldig få vinylplatepresser i Noreg, og dette blir den første i Bergen.
Tobias Myrmel Nesse og Espen Madsen (t.v.)
– Det blir fett å få jobba med noko slikt. Skriva historie, på ein måte.

– Fantastisk

Robin Mortensen driv dei bergensbaserte plateselskapa Apollon Records og Karisma Records.

– Det er heilt klart behov for fleire platetrykkeri, og eit lokalt i Bergen er heilt strålande. Dette er fantastiske nyheiter. Veldig spennande, seier han.

Nokre av artistane hans treng større trykkekapasitet enn Hyssingen kan levera, men han har også artistar med utelukkande lokal profil, eller som sel musikken sin i Noreg.

– Då vil den lokale vinylpressa sjølvsagt vera interessant. Men samtidig treng me fulløysingar, ikkje berre sjølve plata. Me må ha designarbeidet, platecoveret og alt anna som høyrer med.

Mjøndalens forbanning

Vinyl-idéen ved Hyssingen stammar frå at ei handfull bergensartistar for fleire år sidan ville gjera byen sjølvforsynt med vinylplater. Popartisten «Magnet» var ein av dei.

Vinylvisjonen gjekk ikkje heilt etter planen, fortel «Magnet», no altså Hyssingen-lærar Even Johansen.

Øydelagd vinylplatepresse
Han låsar opp ein konteiner
Even Johansen med øydelagd vinylplatepresse
og visar oss vinylplatepressa som musikargjengen i si tid kjøpte frå Nashville.
Skadd vinylplatepresse, Hyssingen produksjonsskole
Det svære maskineriet ligg velta og i fleire delar.
Baste Bruarøy (t.v.) og Even "Magnet" Johansen
– Det var ein veldig god idé. Men me sende pressa til reparasjon i Mjøndalen...

– Ingenting frå Bergen bør vel sendast dit?

– Nei. Vinylpressa kom tilbake slik som dette. No er ho i 2. divisjon, konstaterer Johansen.

Som alle fotballinteresserte i Bergen og Noreg veit: det kviler ei forbanning over Mjøndalen. Det er ingen god plass for verken Sportsklubben Brann eller ei bergensk vinylplatepresse.

Gåavstand til kortreist vinyl

Så Bergens musikalske heltar er framleis presselause og ramma av den globale vinylpressemangelen.

Medan CD-salet minkar kraftig, går det stikk motsett med LP-ar. Første halvår 2021 vart LP-salet nesten dobla i USA. Der vart det seld 17 millionar LP-ar og 16 millionar CD-ar. Og sidan mykje av vinylen i USA no blir trykt i Europa, aukar kapasitetsmangelen der.

Viss bergensartistar som Zupermaria eller Kamelen vil gi ut ny musikk på vinyl, må dei fint venta på tur. Lenge.

Det same må nostalgikarar viss dei til dømes vil trykka opp igjen den ikoniske plata «LP4» av Zimmerman, eller Jan Eggum sine første plater.

Hyssingen produksjonsskole Bergen

DROPP INN IGJEN: Hyssingen produksjonsskole i Bergen er eit 100 prosent praktisk eittårig tilbod for elevar som har droppa ut av vidaregåande skule.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Men no skal det altså bli kortreist vinyl, og kort kø, i den sjølverklærte «gåbyen».

– Det blir kult for musikkmiljøet i Bergen. Ein kan gå bort hit, bestilla trykking av eigen musikk på vinyl. Seinare same dag kan ein komma bort på rampen og henta det ferdige produktet.

Even Johansen
– Bergen treng ei bergenspresse, meiner Johansen.
Espen Madsen, Hyssingen produksjonsskole
– Og ingen andre artistar i landet får innpass?
Skadd vinylplatepresse, Hyssingen produksjonsskole
– I all beskjedenhet: Bergensarane må få trykka først.

– Men klarer de å levera nok vinyl for til dømes megastjerna Aurora?

– Ho er jo frå Os (i nabokommunen), ikkje Bergen, parerer Johansen.

Framtidsretta utstyr

Statsstøtta til Hyssingen er del av ei utbetaling på totalt 77 millionar kroner til «framtidsretta utstyr» ved ei lang rekke yrkesfaglege vidaregåande skular i landet.

– Yrkesfagutdanningane har stort behov for skikkeleg utstyr på høgde med det dei skal bruka i arbeidslivet.

Det seier Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Lubna Jaffery, på besøk på Hyssingen.

Lubna Jaffery (Ap) og rektor Baste Bruarøy ved Hyssingen produksjonsskole
– Vinylplatepresse i Bergen er eit strålande godt prosjekt for både elevar og artistar.
Demovideo for ny vinylplatepresse
– Det er fantastisk at dei vil levera dette til bergenske artistar, meiner politikaren.
Lubna Jaffery, omvisning på Hyssingen produksjonsskole
– Skulen både møter næringslivets behov og utdannar elevane til ein framtidig jobb.