Paintball-våpna bruker maling som "kuler".
Tømte flyet
Då dei tilsette på flyplassen oppdaga våpna, blei alle dei 95 passasjerane i flyet evakuert. All bagasjen blei tatt ut og undersøkt. Braathens sitt kveldsfly frå Aberdeen til Stavanger blei tre timar forseinka.
Braathens beklagar
- Me beklagar dette overfor dei andre passasjerane, men tryggleiken etter alt som har skjedd i USA dei siste vekene er viktigast. Det seier informasjonssjef i Braathens, Anne Grete Ellingsen.
Åtvara
Braathens tapte pengar på forseinkinga, men har så langt ikkje vurdert om dette får følgjer for elevane. Elevane fra Hop ungdomsskule var åtvara mot å ta med seg såkalla softgun-våpen på flyet tilbake frå Skottland. Det sier læraren deira, Jan Hasselberg.
Forstår alvoret
Hasselberg sier elevane har forstått alvoret i situasjonen og at dei er svært leie seg.Flyet til Bergen ble over tre timar forseinka.