Hopp til innhold

Lærar i Stryn må jobbe utan nett: "Vi er sett fleire tiår tilbake!"

Etter tre veker heilt utan nett er dei tilsette ved skulane i Stryn så frustrerte at dei ikkje klarer meir.

Tonning skule i Stryn

SKULE – NETT = DÅRLEG LÆRING: 'Vi har vore lydige undersåttar som har takla alle dataproblem som oppstår, med ein lojalitet som høyrer heime i kommunistiske land', skriv Utdanningsforbundet til kommunen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi reagerer på at vi i så mange år har vore lydige og tatt alle dataproblema på strak arm, men no må kommunen finne ei betre løysing, seier Anita E. Flo i Utdanningsforbundet Stryn.

Ho har saman med barnehagane og skulane i Stryn kommune skrive brev til kommunen med tittelen "...og når galskapen får rå" i frustrasjon over den dårlege nettkapasiteten i kommunane. Lærarane meiner dei i lang tid har vore lydige og tolmodige med alle dataproblema, med ein lojalitet som liknar det ein ser i kommunistiske land.

Anita E. Flo

'VI KLARER IKKJE MEIR': Leiar i Utdanningsforbundet i Stryn, Anita E. Flo, er frustrert over kommunen sin manglande respekt for jobben lærarane skal gjere når ikkje dataproblema blir løyste.

Foto: Privat

Nettet fungerer berre tidvis

– Vi har veldig mykje trøbbel med nettet, i lange periodar kjem vi ikkje på. Det er vanskeleg å drive undervisning når vi ikkje har nettilgang i skulane.

Skulane vore utan nettilgang i tre veker, og det har fått begeret til å renne over, for no går det utover elevane si læring. I tillegg er det daglege arbeidet til lærarane sett mange tiår tilbake.

Galskapen rår. Grensa er nådd. Vi klarar ikkje meir.

Lokallagsleiar og hovudtillitsvald, Anita E. Flo, i brev til kommunen

– Vi har ein kvardag som seier noko om digital kompetanse opp mot elevane og ein del praktisk arbeide som må utførast med nettilgang.

Men utan nettverk er det ikkje mogeleg å gjere jobben. I 2009 byrja prosjektet Kommunenett Nordfjord, der nordfjordkommunane gjekk inn i eit samarbeid om IKT. Eitt av måla var å legge til rette for effektiv og sikker kommunikasjon mellom nordfjordkommunane.

Nordfjordsamarbeid i trøbbel

– For nokre år sidan gjekk nordfjordkommunane saman om å ha eit samarbeid på IKT-sida. Det høyrdest fornuftig ut, men det har ikkje fungert særleg bra. Vi veit det er problem ut heile fjorden. Men siste vekene har det vore ekstra ille her i Stryn.

– Viss nordfjordsamarbeidet skal bestå på IKT-sida så må det skje nokre kraftige endringar. Vi veit at dei som jobbar der er overbelasta av ting som ikkje fungerer.

Og som om ikkje det var nok: No har beskjeden kome om at det trådlause nettet vil ligge nede iallfall fram til nyttår.

Lærarane meiner mangelen på tiltak frå kommunen er respektlaust for jobben lærarane gjer.

– No vil vi utfordre politikarane til å finne betre løysingar.

Ordførar Sven Flo har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar på kva kommunen vil gjere med datakapasiteten på skulane.

PS. Då denne artikkelen vart publisert hadde vi eit bilete av Stryn vidaregåande skule. Den skulen er fylkeskommunal og har god nettilgang. Vi seier oss leie for feilen.