Hopp til innhold

Skuldar samferdsleministeren for å vere defensiv

– Smålåtent og oppsiktsvekkande defensivt. Slik karakteriserer stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete forklaringa frå samferdsleministeren etter at det er kutta ei løyving på 55 millionar til E16 over Filefjell i år.

Montasje: Liv Signe Navarsete og Ketil Solvik-Olsen
Foto: Silje Guddal/Espen Aas / NRK

Regjeringa foreslo 55 millionar til oppstart av siste parsellen, men i budsjettforhandlingane med Venstre og KrF vart pengane flytta til jernbane, noko samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen nærmast beklaga i Stortinget.

– Til dette prosjektet skulle eg gjerne ynskt eg fekk dei pengane eg hadde foreslått. Så er det slik at vi ikkje har fleirtal i Stortinget, og vi måtte gå gjennom budsjettforhandlinga.

Dei 55 millionane skulle gå til oppstart av siste parsellen Øye-Eidsbru på E16, og no blir dette ikkje noko av i år. Og Liv Signe Navarsete som tok opp saka i Stortinget, var ikkje nøgd med forklaringa.

Pussig vinkling

– Det er ei pussig vinkling frå statsråden når, når han seier dei blir tvinga til å kutte 55 millionar kroner. Alternativet er jo sjølvsagt å finne friske midlar. Han høyrer til det partiet som framfor alle har kritisert oss tidlegare for å vere for smålåtne, det som her blir sagt av statsråden er jo oppsiktsvekkande defensivt i forhold til hans eiga rolle og regjeringa si rolle som pådrivar for vegutbygging i dette landet.

Uroa til Navarsete er no at utbetringa av siste strekninga blir utsett på ubestemt tid, og at intensjonen om å drive arbeidet samanhengande inntil vegen er ferdig, ikkje held.

Solvik Olsen forsikra om at målet om kontinuerleg drift står ved lag, og at entreprenørane har fullt opp å gjere med dei strekningane som er i arbeid også i år.

Rasjonell drift

– Det vil vere rasjonell anleggsdrift for E16-prosjektet over Filefjell. Altså det skjer samanhengande utbygging, men akkurat den parsellen der kjem vi ikkje i gang med som planlagt.

Navarsete peika vidare på at den siste parsellen Øye-Eidsbru krev avtale med grunneigarar, og dette er også lagt på is, noko ho frykta vil forseinke oppstarten ytterlegare.

– Statens vegvesen stogga grunnervervet etter at dei 55 millionane vart trekt attende.

– Totalvurderinga var at det prosjektet som blir minst råka eit kutt er nettopp dette. Det å kjøpe eigedom som grunnervervsløyving er til, det kan ein framleis gjere relativet raskt når pengane kjem på bordet, svara Solvik-Olsen.