- Dei reiser berre rundt og skryt av kor mykje pengar dei har løyva. Men det er tydeleg at det ikkje held mål, seier Starheim.
Treng 450 millionar
Langs heile kysten står gamle fyr til forfall. Totalt vil det koste 450 millionar kroner å ruste dei opp.
Like utanfor Florø står Stabben fyr og er i ferd med å gå i oppløysing. Her har det lenge runne vatn gjennom taket, og golvet er no heilt morkna.
- Dette skulle aldri ha fått skjedd. Vi skulle fått pengar til å reparere dette mykje tidlegare, seier Anita Johannesen i Flora Kystlag.
(Artikkelen held fram under videoen)
- Ikkje godt nok av regjeringa
Men Kystverket seier dei ikkje har pengar til å reparere alle fyra som står i forfall langs norskekysten.
Starheim meiner regjeringspartia har skulda.
- Dei kan ikkje seie at fyra skal få vedlikehald og bli verna, og så ikkje løyve nok pengar. Då går det gale og det veit alle, seier Starheim.
- Overraskar tilstanden på fyrbygningane deg?
- Nei, vi har fått inn ei rekkje signal på tilstanden rundt om kring. Dette er berre eit av mange felt der forfallet er stort.