Hopp til innhold

Skuldar Kystverket for å ha «kamuflert» nedlegging: – Sniksentralisering

Kystverket legg ned tre av sine fire kontor som skal jobbe mot miljøkatastrofar. Det skaper sterk politisk motstand. – Vil svekkje beredskapen, meiner SV og Frp.

KNM Helge Ingstad under vann

TO TIMAR: Under KNM «Helge Ingstad»-ulykka, vart etablert eit depot i Øygarden i løpet av to timar. – Det hadde vi aldri klart med den ordninga som dei legg opp til i dag, meiner leiar for Kystverkets innsatsstyrke på Fedje.

Foto: Kystverket, Kystvakten/Forsvaret

– Eg fekk rett og slett litt hakeslepp, seier stortingsrepresentant Arne Nævra (SV) i transportkomitéen.

Denne veka skreiv NRK at tre av Kystverkets fire regionale beredskapskontor blir nedlagde.

Fram til no har Kystverket hatt nøkkelpersonar langs heile norskekysten for å unngå oljekatastrofar.

No blir lysa sløkte på beredskapskontora med to tilsette i høvesvis Bergen, Ålesund og Kabelvåg, medan Tromsø-kontoret blir behalde.

– Alvorleg

Alle desse nøkkelpersonane skal flyttast til Horten.

– Dette er veldig alvorleg og vil svekkje beredskapen, seier Nævra.

Også Frp-politikar Helge André Njåstad reagerer sterkt på nedlegginga.

– Det er heilt meiningslaust å sentralisere desse kreftene til Horten. Det er viktig at Kystverket har eit nærvær i heile landet, meiner han.

Øving med Kystverkets lokale innsatsstyrke ved oljeverndepoet på Fedje.

NÆRLEIK: Innsatsstyrken på Fedje øver med utstyret på Kystverkets lokale oljevernsdepot.

Foto: Tor Åge Thomassen

«Fjernstyrt brannstasjon»

Kystverkets beredskapskontor vart oppretta for å vere nær potensielle forureiningskatastrofar etter at «Full City» forliste sør for Langesund for elleve år sidan.

Forliste medførte ei miljøkatastrofe der 50–200 tonn tungolje hamna i sjøen og langs strender og svaberg.

– Den gongen argumenterte ein sterkt for behovet for desse kontora. No blir det plutseleg reversert utan grunngiving, seier Nævra.

Han samanliknar nedlegginga med å ha ein fjernstyrt brannstasjon utan betening til stades.

– Dette er ein svært dårleg idé. Og kva flyttinga vil bety for beredskapen langs kysten er overhovudet ikkje utgreidd i høyringsprosessen, seier Jan Hugo Holten i Norges Miljøvernforbund.

Sjøfugl tilgriset av olje fra Full City

MILJØKATASTROFE: Det Panama-registrerte «Full City»-lasteskipet havarerte utanfor Langesund, natt til 31. juli 2009. Fartøyet fekk skrogskadar som førte til oljeutslepp langs kysten frå Stavern i Vestfold til Lillesand i Aust-Agder.

Foto: Åsmund Isaksen / SCANPIX

– Måtte leite mellom linjene

Kystverket har avtale med til saman 170 personar i lokale innsatsstyrkar som skal rykke ut med utstyr frå 15 geografisk spreidde oljevernsdepot.

Dei regionale beredskapskontora har ansvar for logistikk og vedlikehald av oljevernsdepota. Dei har òg ansvar for samordning av annan offentleg og privat beredskap, og trening for innsatsstyrkane.

Kjell Arve Samnøy leiar Kystverkets innsatsstyrke på Fedje. Han meiner styresmaktene har «snakka lågt og utydeleg» om nedlegginga.

– Ein måtte leite mellom linjene for å finne at dette kunne bli resultatet, men det stod ikkje absolutt.

– Vi er ganske fortvila over dette. Det er ei nedbygging av beredskapen rundt kysten. Å ha regionkontora langs kysten har vore ein veldig tryggleik for oss i innsatsstyrkane.

Han viser til at det under KNM «Helge Ingstad»-ulykka vart etablert eit depot i Øygarden i løpet av er par timar.

– Det hadde vi aldri klart med den ordninga dei legg opp til no, meiner han.

Kjell Arve Samnøy

FORTVILA: Kjell Arve Samnøy leiar Kystverkets innsatsstyrke på Fedje.

Foto: Eva Kvalvik

– Kamuflert

Også SV og Frp meiner at Kystverket og Samferdselsdepartementet ikkje har fortalt tydeleg at beredskapskontora skal fjernast.

– Det har vore veldig kamuflert i skriva, skjult i ulikt ordbruk. Dette har gått under radaren for meg, og det er ikkje så veldig rart, seier Nævra.

Informasjonen om nedlegging av kontora i Kabelvåg og Ålesund finst berre i ein tabell på side 65 i den 87 sider lange utgreiinga, medan Bergen ikkje er nemnd.

– Dette kom som ei overrasking for dei aller fleste, og då er det sniksentralisering. Viss ein skal sentralisere må ein grunngi det godt og ha aksept for det. Stortinget vil nok ikkje gå med på dette, meiner Njåstad.

Helge Andre Njåstad

SNIKSENTRALISERING: – Dette kom som ei overrasking for dei aller fleste, og då er det sniksentralisering, meiner Frp-politikar Helge André Njåstad.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Alle mann til pumpene

Direktør Einar Vik Arset i Kystverket forsvarer omorganiseringa, og meiner at ho ikkje svekkjer beredskapen.

– Når det først skjer noko, så er det alle mann til pumpene. Det har ikkje noko med korleis vi organiserer kontorstrukturen i dag.

Kystverket meiner at nedlegginga vil gi er eit sterkare fagmiljø, enklare styringslinjer for leiinga og at det skal bli enklare å følgje opp beredskapsarbeidet.

Dei lokale depota med beredskapsutstyr vil bestå samtidig som regionkontora blir nedlagde.

Avviser

Arset avviser at Kystverket har underkommunisert at omorganiseringa vil gi nedlegging.

– Det vart konkretisert rimeleg bra i utgreiinga korleis dette er tenkt utført, rett nok eit stykke ute i dokumentet. Eg meiner dette kjem fram og er tilstrekkeleg dekt i høyringsgrunnlaget.

Han vil ikkje kommentere at departementet ikkje nemnde nedlegginga då omorganiseringa vart godkjend i sommar.

Arset meiner uansett det er opp til Kystverk-leiinga å avgjere kva som er den mest formålstenlege plasseringa av personellet sitt.

– Det er vel ikkje vidare naturleg at dette kjem fram i detalj når det gjeld denne handfulla kontortilsette, seier Arset.

Einar Vik Arset
Foto: Arne Flatin

Begge politikarane sender skriftlege spørsmål til samferdsleminister Knut Arild Hareide. Han vil ikkje bli intervjua av NRK før han har svart Stortinget om denne saka.

4. des 2020: Hareide ga 26. november (dagen etter artikkelen blei publisert) likevel eit intervju til NRK som vart publisert 27. nov. Der støtta han nedlegging av dei tre regionale beredskapskontora og peika på at Kystverket har gitt «eit tydeleg råd om at det er rett å styrke beredskapen i Horten».

Hareide seier at ingen av stillingane går ut av første beredskapslinje, men er overordna og går på kurs og vedlikehald. «Vi styrker fagmiljøet på nettopp beredskap», uttala Hareide.