Temperaturen steig til kokepunktet då mobbesaka var oppe til debatt torsdag ettermiddag.
I ein reportasje i Dagsrevyen i slutten av april, vart det avdekt fleire tilfelle av alvorleg mobbing ved skulen. Det vart også avdekt brot på kommunen si lovfesta vedtaksplikt. Viktige forvaltningsrettslege prinsipp ser heller ikkje ut til å ha vore følgde.
Mobbesakene var bakgrunnen for at Senterpartiet ville kople Kontrollutvalet inn i saka. I tillegg ville dei gjennom ein forvaltningsrevisjon ha full ekstern gjennomgang av skuleadministrasjonen sine rutinar og retningsliner.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Skuffa over fleirtalet
Men Senterpartiet fekk ikkje fleirtal i saka, noko som fall gruppeleiar Sigurd Reksnes tungt for brystet.
– Det kan verke som om enkelte føler vi trakkar på nokon sine tær. Det er skuffande at kommunestyret ikkje vil ha ein skikkeleg gjennomgang, sa han.
Reksnes viste også til at det truleg sit fleire elevar og foreldre kring om i kommunen som opplever mobbesakene som eit tillitsbrot og at dei ikkje lenger har tillit til kommunen.
– Ein gjennomgang av skulesektoren av folk utanfrå ville vore bra både for kommunen og for dei som sit rundt i kommunen med vonde kjensler.
Reknes påpeika vidare at ein gjennomgang av skuleadministrasjonen ikkje måtte tolkast som ein mistillit mot administrasjonen. Han viste til at dei som tolkar det slik, avslører mangel på kunnskap på feltet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Provosert
Dette gjorde leiaren i Oppvekst- og kulturutvalet, Knut Tore Nes Hjelle (V) provosert.
– Dersom det var dumt av meg å ta opp spørsmålet om tillit eller mistillit til administrasjonen i debatten, var det like dumt å høyre på innlegget til Reksnes. Det var like mykje dumskap der.
Heller ikkje Nes Hjelle sin partifelle, ordførar Alfred Bjørlo (V), ville støtte Senterpartiet.
– Det nasjonale regelverket i mobbesaker skal endrast. Ei ekstern gransking, der vi ser på om det gamle regelverket er følgt, er ikkje vits i, sa han.
Angra ikkje
Etter møtet var Reksnes tydeleg på kva han meinte om angrepet frå Nes Hjelle.
– Slik skal ein ikkje omtale kvarandre i eit kommunestyremøte. Det ein ser no frå leiaren i Oppvekst- og kulturutvalet, talar endå sterkare for at ein ekstern gjennomgang burde vore gjennomført, sa han til NRK.
Nes Hjelle angra ikkje på utfallet mot Reksnes.
– Nei, det gjer eg ikkje. Vi er nøydde til å ha tillit til skulesjefen, administrasjonen i kommunen og til lærarar og rektor ved Nordfjordeid skule.
– Men er det ikkje ein fare for at kommunen blir skulda for å feie mobbesakene under teppet?
– Nei, vi har nettopp hatt ein stor gjennomgang av mobbesakene.