Alt låg til rette for at Solund skulle få tildelt to konsesjonar. Men fiskeriministeren kunngjorde fredag at dei fire konsesjonane i fylket skal gå til Askvoll, Bremanger, Solund og – til alles store overrasking – Høyanger.
Fylket måtte snu
Fiskeridepartementet har tidlegare fått fylkeskommunen til å skifte standpunkt i saka. Fylkeskommunen ønskte fyrst å gje konsesjon til Høyanger, men gav – etter press frå departementet – heller to til Solund.
Viktige arbeidsplassar
Solund går no glipp av planlagde arbeidsplassar, og i ein så liten kommune som Solund er kvar einaste arbeidsplass svært viktig, seier Krakhellen. Han reknar med at ein konsesjon ville gitt tre-fire arbeidsplassar, og det er ei middels stor verksemd i Solund-målestokk.
Merkeleg saksgang
Også fylkesordfører Nils R. Sandal reagerer på avgjerda i fiskeridepartementet. Han meiner saksgangen i dette tilfellet har vore merkeleg.