Hopp til innhold

Skuffa over uvisse om Sandane-Byrkjelo

Ordføraren i Gloppen er skuffa over manglande avgjerd om Sandane-Byrkjelo, men håpar likevel noko skjer før jul.

Leidulf Gloppestad

SKUFFA: Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, meiner alt vegvesenet treng er grønt lys for å starte planlegginga.

Foto: Silje Guddal / NRK

Trass i at Venstre og KrF lova å jobbe for pengar til E39 Sandane-Byrkjelo har dei framleis ikkje fått gjennomslag i Stortinget. Budsjettforhandlingane vart avslutta utan planleggingspengar til utbetring av dei elendige punkta på strekninga.

Senterpartiordførar Leidulf Gloppestad i Gloppen håpar framleis, men vedgår at han er skuffa.

– Dette var eit tiltak som strengt tatt ikkje trengde å koste ei krone og sånn sett burde vore greitt å få med i statsbudsjettet. Planleggingsmidlane var der, alt vegvesenet trengde var beskjed om at dei fekk lov til å byrje å planleggje, seier han.

Håpar på fleirtal i transportkomiteen

Han vil ikkje spekulere i om nokon motarbeider opprustinga av vegen.

Sveinung Rotevatn (V)

TEK KAMPEN VIDARE: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn håpar på eit positivt utfall i budsjettforhandlingane til transportkomiteen.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Vi får sjå kven som stemmer for og mot når saka kjem opp i transportkomiteen. Signala vi har fått i forkant tyder ikkje på at nokon motarbeider dette, men det vil vise seg, seier Gloppestad.

Saman med tapskompensasjon for fylkeskommunen og Vik fengsel, var E39 i Gloppen ei prioritert sak for Venstre i Sogn og Fjordane. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn beklagar at saka framleis ikkje er løyst.

– Men vi kjem til å ta saka vidare i transportkomiteen si budsjettforhandling og håpar at det skal vere mogleg å få danna eit fleirtal der, seier han.

– Pengane finst allereie

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) seier det er krevjande å få inn meir pengar til veg når Venstre i sitt alternative budsjett i utgangspunktet kutta riksvegløyvingane med 1,5 milliardar kroner.

Bjørn Lødemel

POSITIV: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) er positiv til å få planleggingsmidlar til dårlege vegstrekningane på E39 i Gloppen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Men Lødemel seier han ikkje er i mot opprusting av Sandane-Byrkjelo.

– Venstre kuttar ein del på veg, desto meir krevjande er det å få inn nye prosjekt. Men vi er einige om at strekningane på Byrkjelo-Sandane må rustast opp. Men vi har òg pressa på for å få planleggingsmidlar på resten av E39, slik at vi kan halde eit godt tempo på vegbygginga i Sogn og Fjordane i åra som kjem, seier han.

I Gloppen meiner ordføraren at pengane til planlegging alt finst i systemet. Det viktigaste meiner han er at transportkomiteen på Stortinget gir Vegvesenet beskjed om å starte arbeidet.

– Dette har Statens vegvesen planleggingsmidlar til, dei må berre få beskjed om å gjere det. Eg fattar ikkje at det skal vere så vanskeleg, når dei attpåtil seier dei er klare, seier Gloppestad.