Hopp til innhold

Skuffa over statsbudsjettet

Filmmiljøet er misnøgde med statsbudsjettet. Ingen regionale filmsenter eller filmfond har fått spesifisert auke i budsjettforslaget.

Fra filmen "Skjult"
Foto: Alligator Film

- Eg vart litt forbausa då eg såg at Vestlandske filmsenter og Fuzz var dei einaste mottakarane av statstilskot i Hordaland som ikkje opplever ei auke frå 2009 til 2010, seier leiar i Filmfondet Fuzz, Lars Marøy.

Filmfondet Fuzz er eit selskap som investerer i film, tv og dataspelproduksjon på Vestlandet.

- Ingen filmsenter eller filmfond i Noreg får ei spesifisert auke i statstilskot i denne perioden. Det er jo kanskje litt pussig når det vart uttalt tydeleg i kulturløftet at det skal satsast på filmproduksjon i regionane, seier Marøy.

Fryktar det kan bli lenge å vente

Det er sett av ein ekstrapott på fem millionar kroner til regional filmsatsing. Løyvingane skal vurderast i fohold til regionane sin storleik og kor stor del av aktiviteten i filmbransjen dei står for. Marøy håper denne vil kome vestnorsk filmproduksjon til gode, men fryktar det kan bli lenge å vente på pengane.

- Me står sterkt, både Fuzz og Vestnorsk filmsenter, når det gjeld å få ein del av den auka. No vart det fordelt 10 millionar kroner til dei regionale tiltakene i år. Dei midlane gjekk til dei regionale sentera og vart fordelt så seint som august i år. Det var jo uheldig for alle, ikkje minst for filmprodusentane at ein må vente så lenge på å finne ut nøyaktig kor mykje pengar ein har å forholde seg til.

Marøy skulle ønske det vart klargjort mykje tidlegare på året korleis dei ekstra midlane skal fordelast.