Hopp til innhold

Skuffa over midlane frå regjeringa

Kommunane i Sogn og Fjordane får 114 millionar kroner til samhandlingsreforma neste år. Seljeordføraren meiner det er altfor lite.

Eldresenter
Foto: Paal Audestad/Aftenposten / Scanpix

Pengane er ein del av regjeringa sitt opplegg for kommuneøkonomien neste år., som vart presentert i dag.

- Desse midlane kan kommunane bruke som dei sjølv ønskjer, seier kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Men ordførarane i Nordfjordrådet fann ingen grunn til å juble.

Altfor lite

- I utgangspunktet kan 114 millionar høyres mykje ut, men når vi veit kva vi skal ta over av av oppgåver trur eg det vert altfor lite, seier Selje-ordførar Gunn Helgesen.

Saman med dei andre ordførarane i Nordfjord var ho på møte i dag, for å diskutere nettopp samhandlingsreforma.

Fylkesmann Oddvar Flæte, fylkeslege Per Stensland og KS-leiar Olav Lunden var og til stades på møtet..

Overtar oppgåver

Den omfattande samhandlingsreforma trer i kraft neste år, og vil gje kommunane større ansvar for helsetenestene og tilbodet til innbyggjarane.

Mange kommunar har vore usikre på kva konsekvensar reforma vil få for budsjetta.
Helgesen trur dei vil sitje på mange fleire oppgåver åleine.

- Eg trur at når det gjeld rehabilitering og førebygging vil kommunane sitje ganske åleine med det, og utan midlar til å gjennomføre oppgåvene vi blir pålagde, seier ordføraren.

Gunn Helgesen

SKEPTISK: Selje-ordførar Gunn Helgesen meiner 114 millionar fordelt på 26 kommunar er altfor lite.

Foto: Kristeleg Folkeparti

Kommunane kan enten velje å bruke løyvingane på tilbod i eigen kommune, i samarbeid med andre kommunar, eller ved å kjøpe tenestar hos helseføretaket.

Nær seks mrd. totalt

- Mitt råd til kommunane er at ein lagar gode planar og at ein inngår i godt samarbeid med helseføretaket for å få på plass desse tenestene, seier Navarsete.

Totalt sett får kommunane i landet mellom fem og seks milliardar kroner i auka inntekter. Om lag fire milliardar av dette er ein auke dei frie inntektene.

Her i fylket får kommunane altså 114 millionar kroner. Løyvingane vil bli fordelt etter kor stor del av eldre kommunane har.

Liv Signe Navarsete

DELAR UT MILLIONAR: Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Enkelte kommunar vil ha høgre kostnadar med medfinansiering og ikkje minst utskrivingsklare pasientar når reforma tek til enn det som fordelinga fangar opp, påpeikar ministeren.

Vil få kompensasjon

Desse kommunane vil regjeringa kompensere i ein overgangsperiode slik at dei og skal få rom til å byggje ut tenestene sine sjølv.

- Det vil gjerne vere kommunar som ikkje har bygd opp desse tenestene i kommunen, men som kanskje har nytta sjukehuset i større grad enn andre kommunar har gjort, seier Navarsete.