Hopp til innhold

Skuffa over manglane i barnevernet

Tilsynssaka mot Sogn barnevern blei diskutert under kommunestyremøtet i Leikanger torsdag. Fleire er skuffa over ei store manglane.

Tilsynsrapport fylkesmannen sogn barnevern

RAPPORTEN: I rapporten frå Fylkesmannen var det totalt elleve avvik.

Foto: Sigrid Skjerdal/NRK

Kommunestyremøte Leikanger

KRITISK: Kommunestyret i Leikanger diskuterte barnevernet i Sogndal.

Foto: Sigrid Skjerdal/NRK

Fylkesmannen har gjort eit dokumenttilsyn mellom januar 2015 og september 2016 og avdekka ein rekke feil.

Mest alvorleg er det at dei har hatt for høg terskel for å undersøkje bekymringsmeldingar og sette i gang tiltak, og ikkje har vore flinke nok til å følge opp tiltak dei har sett i gang.

– Eg kjenner at eg rett og slett blir veldig skuffa, sa Henny Kristin Asperanden Navarsete (Ap) under kommunestyremøtet.

– Sanning med modifikasjonar

Jostein Aanestad

FÅR KRITIKK: Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Asperanden Navarsete føler seg lurt av rådmannen i Sogndal, som ho meiner gav eit heilt anna bilete av Sogn barnevern sist dei diskuterte saka.

– 15. september var rådmannen i kommunestyret i Leikanger og fortalde om kor bra Sogn barnevern no hadde blitt. Det ser vi av rapporten at er ein sanning med modifikasjonar, seier ho.

Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, meiner han ikkje skjulte sannheita, og at han under møtet opplyste at barnehagar, skular og helsestasjonar kan ha lidd som følge av redusert kapasitet i Sogn barnevern. Han ser ikkje bort frå at tenesta kan ha vore svekka i det aktuelle tidsrommet.

– Funna i tilsynet indikerer etter vår vurdering at det er stor fare for manglar ved tenesteytinga frå Sogn barnevern i 2015 og delar av 2016, men tilsynsrapporten seier ikkje kva konsekvensar funna kan ha hatt for enkeltsaker.

– Korleis vil de gå fram i samarbeid med dei andre kommunane, Luster, Balestrand og Leikanger, for å rette opp i problema med Sogn barnevern?

– Vi vil sende ein plan for forbetringar, tidspunkt for iverksetting av tiltak og korleis dei blir evaluert til Fylkesmannen innan 1. februar 2017. Planen vil bli utarbeidd av alle tilsette i tenesta. Fylkesmannen har tilbydd å assistere kommunen i dette arbeidet, noko vi vil nytte oss av. Vi vil halde samarbeidskommunane løpande orientert om dette arbeidet, og sjølvsagt svare på alle spørsmåla som kommunane har, seier Aanestad.

Vil ordne opp

Ordførar i Leikanger Jon Håkon Odd før Fylkesmannen sin presentasjon.

ORDFØRAR: Jon Håkon Odd følar seg ikkje ført bak lyset.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Ein kan spørje seg om arbeidsmiljøspørsmåla har tatt fokus frå oppgåva med å passe på barn og familiar som treng hjelp, seier ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd, om dei totalt 11 avvika som Fylkesmannen fann hos barnevernet.

Han føler seg derimot ikkje lurt, men vil passe på at problema i barnevernet blir følgt opp som dei skal.

– Eg vil ikkje seie at vi har blitt ført bak lyset. Vi har hatt ein relativt god dialog rundt krevjande situasjonar i Sogn barnevern, som Sogndal kommune har arbeida aktivt med å løyse opp i. Vi vil konstruktivt gå inn i ein dialog med Sogndal for å forsikre oss om at forbetringsplanen for tenesta er den rette, og at den blir sette i verk, seier Odd.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

VIL HJELPE: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, håpar ein får rydda opp i Sogn barnevern.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, håpar også at barnevernet snart igjen vil halde den nødvendige standarden.

– Ein må gjere greie for korleis ein raskt kan få opp igjen Sogn barnevern til å levere dei tenestene ein skal. Luster vil stille sine ressursar til disposisjon viss det trengst, seier han.