Hopp til innhold

Skuffa over helseministeren

Sjukehusaksjonistane i Lærdal og Nordfjord er skuffa over den nye helseministeren.

Bente Øien Hauge

Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge er skuffa over helseministeren.

Foto: Privat

I helga sa Bjarne Håkon Hanssen at han ynskjer å sentralisere landets akuttmottak, med bakgrunn i at kvalitet er viktigare enn nærleik.

– Skuffa

Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge er lite imponert over at Hanssen ynskjer å sentralisere den kirurgiske akuttberedskapen utan å ha henta fagkunnskap frå lokalsjukehusa.

– Eg blir veldig skuffa over at han går ut med så bastante påstander så kort tid etter at han byrja i jobben, sukkar Øien Hauge.

Spørsmålsteikn

Ho set spørsmålsteikn ved at helseministeren understrekar at kvalitet kanskje er viktigare enn nærleik.

– Eg tykkjer det er ulogisk og tilslørande å setje desse to momenta opp som at det er motsetnader. Han framstillar det som at ein treng veldig store sjukehus for å få kvalitet i behandlinga, og det har dei ikkje dokumentasjon for å hevde, meiner sjukehusaksjonisten.

– Han har stort sett besøkt dei store sjukehusa, og lytta til deira fagmiljø. Når han skal inspisere helse-Norge bør han óg besøke dei små sjukehusa, meiner ho.

Møte

Folkebevegelsen for lokalsjukehusa, det nasjonale nettverket for sjukehusaksjonar frå heile landet, vil no be om eit møte med ministeren, der dei vil presentere sine argument og pasienterfaringar.