– Reklame i bybildet kan vere skadeleg for ungdom

For ei veke sidan opna byrådet i Bergen for reklame i store delar av Bergen sentrum. – Ein særs dårleg idé, meiner Martin Blytt i Ungdommens bystyre.

Reklame på buss

MEIR REKLAME? No ber byrådet bystyret om å seie ja reklame i store delar av Bergen sentrum. Ungdommens bystyre meiner dette kan føre til dårlegare sjølvtillit hjå unge.

Foto: sm

Det er åtte år sidan Bergen sist sa blankt nei til reklame i Bergen. Men for ei veke sidan opna byrådet i Bergen for reklame på mellom anna bussar, skur, bysyklar og byromsmøblar. No ber byrådet bystyret om å seie ja reklame i store delar av Bergen sentrum.

Martin Blytt

– REKLAME SKADAR UNGDOM: Det meiner leiar i komiteen for miljø- og byutvikling i Ungdommens bystyre, Martin Blytt.

Foto: Privat

Men Ungdommens bystyre er kritisk til at bystyret seier ja til å la byrommet bli ein annonseplass.

– Reklame i bybildet skadeleg for ungdom, seier Martin Blytt, leiar i komiteen for miljø- og byutvikling i Ungdommens bystyre.

– Den seier ungdomar noko om korleis ein skal sjå ut, kva ein skal gå med, korleis ein skal vere og oppføre seg. Å ha dette i bybiletet er ikkje bra.

Kan svekke sjølvtilliten til unge

Blytt meiner reklame i byrommet vil føre til fleire problem, særskilt for unge i Bergen.

– Det er jo kjent at mange ungdomar slit med eige sjølvbilete grunna påverknad frå store kommersielle aktørar.

Blytt meiner reklame i Bergen sentrum kan føre til at unge får dårlegare sjølvtillit.

– Me veit jo at ungdom er ei sårbar gruppe, og dersom reklame blir endå meir synleg i bybilete vårt kan dette forsterke eit allereie eksisterande problem.

LES OGSÅ: Vil spare sentrum for reklame - Hordaland

(Artikkelen held fram under biletet)

Demonstrasjon mot reklame

DEMONSTRERER MOT REKLAME: Å bruke bybiletet som ein annonseplass har ikkje falle i god jord hjå alle. Biletet er frå ein demonstrasjon i Bergen før jul.

Foto: Turid Rogne

Avviser at reklame vil forsterke problema

Leiar av komiteen for miljø og byutvikling i Bergen kommune, Asle Wingsternes, trur ikkje reklame i byen vil få slike følgjer for ungdom.

– Me blir utsett for mykje reklame i løpet av ein dag. Me har reklame på mange offentlege flater, for eksempel i ulike medium som nettaviser, tv, radio og vindusflater.

– Eg trur ikkje desse reklameflatene er med på å forsterke problem med sjølvtillit hjå barn og unge, seier Wingsternes.

Han legg til at det i dag finst lover når det gjeld reklame retta mot barn og unge.

– Desse skal me sjølvsagt følgje.

LES OGSÅ: Demonstrerte mot reklame - Hordaland

– Reklame påverkar ideen om kva som er vakkert

Forsker Thomas Wold ved NTNU

– REKLAME PÅVERKAR KVA FOLK TYKKJER ER VAKKERT: Det seier Thomas Wold som har forska på kroppskultur og mediepåverknad.

Foto: NTNU

Thomas Wold er stipendiat ved NTNU og har forska på kroppskultur og mediepåverknad. Han seier det ikkje er ubetydeleg kor store mengder reklame folk har rundt seg.

– Repetisjon er det fremste verkemiddelet i reklame. Det fungerer med tanke på å få selt ting. Det er ein grunn til at ein er interessert i å bruke pengar på det.

Wold seier mykje reklame bygger opp om bestemte skjønnheitsideal.

– Reklame påverkar kva ein tykkjer er vakkert. Ein kan få idear om for eksempel kor tynn ein skal vere. Den kan og ha ein intensjon om å fortelje folk kor gale det kan gå dersom ein ikkje har bestemte ting, som spesielle merkevarer.

Han legg til at dei minste barna også kan verte påverka av annonsar i det offentlege rom.

– Små barn klarar ikkje å skilje reklame frå andre bodskap. Det er fyrst i løpet av barneskulen at ein lærer seg å skjønne kva som er reklame og kva som er anna informasjon.

Dårleg innverknad på det lokale næringslivet

I tillegg til å peike på konsekvensane meir reklame i bybildet kan få for ungdom, er Martin Blytt uroa for kva dette vil ha å seie for det lokale næringslivet.

Han meiner at dersom kommersielle aktørar får reklamere i byen vil dette køyre over mindre lokale aktørar.

– Det vil heilt klart ha ein dårleg innverknad på det lokale næringslivet i Bergen.

– Me kjem til å halde fram med å jobbe for at vår meining skal bli betre høyrt i saka.

LES OGSÅ: Biskopen ut mot reklame - Hordaland