Hopp til innhold

Skuffa over at politiet gir opp kampen

– Det er skuffande at politiet i Sogn og Fjordane har gitt opp kampen for å vere eige politidistrikt. Det seier tidlegare leiar i Politiet Fellesforbund, Arne Johannessen.

Arne Johannessen

SKUFFA OG OVERRASKA: Tidlegare leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannsen.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

– Ein kan ikkje gi opp når ein har eit så godt høyringssvar som Sogn og Fjordane Politidistrikt har. Den politiske prosessen i Stortinget har ikkje ein gong starta. Då er det veldig tidleg å gi opp.

Talet på politidistrikt er foreslått redusert frå 27 til 6. Under beredskapskonferansen denne veka sa politiinspektør Stig Inge Hauge at dei veit lite, men det som er mest realistisk, og det dei kan sjå føre seg, er ei samanslåing med Hordaland.

– Dei signala som er komne så langt er politidirektoratet sine signal. Det har knapt vore eit politisk signal. Ikkje ein gong regjeringspartia vil så langt signalisere kva dei meiner. Då meiner eg det er veldig rart å gi opp eit veldig sterk fagleg standpunkt, seier Johannessen.

Politiinspektør Stig Inge Hauge seier han på beredskapskonferansen gav ei orientering om kva dei meiner ser ut som det mest realistiske utfallet av debatten om den framtidige organiseringa av politidistrikta. Ut over det vil han ikkje kommentere saka noko nærare når NRK konfronterer han med kritikken som har kome fram i etterkant.

Overraska Fylkesmannen

Også fylkesmann Anne Karin Hamre er overraska over at politiet har gitt opp.

– Eg tykkjer det er veldig oppsiktsvekkande det som kom fram i innlegget til politiet. Viss det er slik at omorganiseringa har kome så langt at det ikkje er noko veg tilbake, og at Sogn og Fjordane må bli slått saman med Hordaland, så lurer eg på kva vi skal med politiske prosessar, seier Hamre.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

I over eitt år har eit samla beredskaps-Noreg venta på den største omveltninga i politiet nokon gong. Framleis utan svar. Mange politidistrikt er føreslått nedlagt. I Sogn og Fjordane har ventetida ført til at folk har slutta.

Hans Røsjorde, statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, som også var til stades på konferansen, sa at regjeringa tek sikte på å legge fram ny organisering av politiet før jul.

Svekker kampen

I debatten om den framtidige organiseringa av politiet har mange peika på at det viktigaste må vere tilbodet til publikum, ikkje kvar politileiinga er plassert. Det er ikkje Johannessen samd i.

– Viss ein ser grundig på politianalysen så er det tydleg at dersom ein får store politidistrikt så blir det også kraftige kutt i talet på lensmannsdistrikt. Det betyr ei endring i forhold til nærpolitiet, ting heng saman.

Johannessen meiner politiet i Sogn og Fjordane no gir opp før dei i heile teke har kome på oppløpssida i kampen for å overleve som eige politidistrikt.

– Første signalet skal kome frå regjeringa, og så er det ein demokratisk prosess i Stortinget. Det er klart at den blir utruleg svekka viss det er slik at det kjem signal frå Sogn og Fjordane om at her har ein gitt opp.